Rapport om turvegar med universell utforming
Sidan 2012 har alle kommunane i Telemark samarbeida om å utvikle gode og tilgjengelege sentrumsnære turvegar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Eit prosjekt som har vert leia av fylkeskommunen, vegvesenet og Fylkesmannen i Telemark er no avslutta. Men innsatsen vil fortsetje med å legge til rette for gode turvegar der folk flest ferdast til dagleg.
Dette er viktig arbeid sett frå mange ulike synsvinklar. Turvegane fremjer både folkehelsa og miljøet. Samstundes opnar dei for gode opplevingar av nær natur og kulturminner. Og ikkje minst – dei fremjer likestilling og gjer det mogeleg for alle til å vere fysisk aktive i eiga nærmiljø.
Rapporten finn du i høgre spalte. Den kan også tingast som trykksak.