Jordbruksforvaltning

Oppdatert 04.01.2024

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 27.08.2021

Saksbehandlarrundskriv RMP-tilskot 2021

Saksbehandlarrundskrivet er lagt ut på nettsida for kommunal landbruksforvaltning under dokumenter til høyre. Skrivet blei send til postmottak i kommunane i dag.


Publisert 23.08.2021

Informasjon om Areal ute av drift

Her kjem ei oppdatering om prosjektet Areal ute av drift. 


Publisert 19.08.2021

Webinar "Verdien av å investera i levande matjord"

Foredrag med ein av dei fremste ekspertane i verda innan jordbiologi og jordhelse! Saman med Statsforvaltaren i Oslo og Viken har vi gleda av å invitera til webinar med Dr. Elaine Ingham 27. september. Webinaret er ope for alle.


Publisert 13.08.2021

Landbruksregisteret - massivoppdateringa av arealtal

Arealtall frå jordregisteret blir lese inn utan at kommunane treng å bestilla. Det er likevel viktig at endringar i AR5 er oppdatert i sentral base før 26. august.


Publisert 12.08.2021

Betre enn frykta på jordbruksareala

Satsinga «Areal ute av drift» syner at meir areal er i drift enn først avdekt. Telemark og Vestfold har om lag 4 % jordbruksareal. Det er lite samanlikna med det totale landarealet i fylket, det er i tillegg store skilnadar innad i fylket med variasjonar frå fjell til kyst. Jordbruksarealet er såleis ein svært avgrensa ressurs og ikkje fornybar.


Publisert 02.07.2021

Høyring - Endring i produksjonstilskotsforskrifta og avløysartilskot i jordbruket

Landbruks- og matdepartementet har sendt endringar i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket på høyring. For å bidra til betre oppfølging og forvaltning av miljøkrava i forskrifta, foreslår departementet endringar i § 4 tredje og fjerde ledd om tilskot for ivaretakelse av kulturlandskap og etablering av vegetasjonssoner mot vassdrag.


Publisert 02.07.2021

Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt

Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt pga. klima eller mangel på arbeidskraft er kommunen sitt ansvar. Kommunen skal ifølgje regelverket kontrollera alle føretak som melder om produksjonssvikt pga. mangel på arbeidskraft og 10 % av dei som melder om produksjonssvikt av klimaårsaker. Om kommunen gjer avtale med nokon hos NLR, må kommunen dekka jobben NLR gjer økonomisk. NLR har elles ikkje noko ansvar for kontroll i desse sakene. 


Publisert 30.06.2021

Nyheiter om RMP

Denne veka er det publisert ei nyheitssak om RMP. Sjå her.


Publisert 30.06.2021

Høyring forslag om endring av forskrift til regionale miljøtiltak i jordbruket

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har i dag send på høyring eit forslag om endring av forskrift 14. mai 2019 nr. 621 om tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket, Vestfold og Telemark. Høyringsfristen er 16. august. Sjå vedlegg. 


Publisert 25.06.2021

Oppdaterte tal for nedbygging av jordbruksareal i fylket i 2020

Den ferske statistikken er presentert gjennom KOSTRA, dei førebelse tala frå mars vart stadfesta 15. juni som endelege tal for året 2020. Trenden er stabil, men tala uroar likevel innanfor fleire av kommunane.