Jordbruksforvaltning

Oppdatert 04.01.2024

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 12.06.2020

Produksjonstilskot – siste utbetaling før sommaren

Landbruksdirektoratet informerer om at siste utbetaling av tilskot før sommarferien er onsdag 24. juni. Sakshandsamar må ha attestert søknaden seinast fredag 19. juni for å vere sikker på at tilskotet vert utbetalt påfølgjande veke. Fyrste utbetaling etter sommarferien skjer onsdag 19. august, og søknaden må vere attestert seinast fredag veka før for å verte med på utbetalinga.


Publisert 08.06.2020

Sjukdomsavløysing - feilen i Agros er no retta

No skal problemet som medførte urette stopp feilmeldingar i enkelte sjukdomsavløysingssaker i Agros, vere retta.


Publisert 03.06.2020

Endring i forskrift om nydyrking

Endring av forskrifta vart fastsett av LMD 2. juni 2020. Den viktigaste endringa er at nydyrking av myr ikkje er tillaten, men kommunen kan gi dispensasjon for nydyrking av myr i særlege tilfelle.


Publisert 03.06.2020

Sjukdomsavløysing - oppdateringar i Agros

Agros er no oppdatert, og det har blitt nokre endringar. Godkjenner får no ei feilmelding der det har vore endringar i ei samanhengande sak. Formelen for berekning av frådrag for enkelte inntekter er også endra.


Publisert 03.06.2020

Floghavreliste på nettsida til Fylkesmannen

Kommunane fekk nettopp tilsendt siste oppdaterte floghavreliste frå Mattilsynet. Mattilsynet synest det er fint at ei datert floghavreliste ligg på nettsida vår til hjelp for kommunal landbruksforvaltning. 


Publisert 18.05.2020

Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret 2020

Landbruksdirektoratet vil også i år gjennomføre ei massivoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret frå jordregister.

Det er viktig at kommunane har oppdatert AR5 i lokal base i god tid før massivoppdateringa blir gjennomført. Fyrste frist for kommunane er 20. august 2020.


Publisert 11.05.2020

Nytt om reglar for veterinærområdet ved utbrot av koronasmitte

Landbruksdirektoratet har i samarbeid med Mattilsynet utarbeidt eit notat som svarar ulike spørsmål på veterinærområdet i samanheng med koronasituasjonen.


Publisert 08.05.2020

Agros - SMIL og UKL

Vedlagt følgjer ny informasjon om digital utbetalingsoppmoding og etterrapportering.


Publisert 08.05.2020

Oppdatering av RMP-tilskotet etter jordbruksoppgjeret

Nettsida for RMP er oppdatert med avklaringar rundt erosjonsrisikoklassane som vart gjort i jordbruksoppgjeret og avklaringar med Landbruksdirektoratet og FM Viken rundt fôrmais.


Publisert 08.05.2020

Regjeringa opnar for at landbruket også no kan ta i mot sesongarbeidarar frå «tredje-land»

Så langt under korona-nedstenginga har det berre vore arbeidsfolk frå EØS- land som har hatt løyve til å reise til Noreg for å jobbe som sesongarbeidarar i landbruket. Men no utvidast dette høvet også til såkalla «tredjeland». For mange av desse landa krevjast det også visum for å komme inn i Noreg.