Urbant landbruk i historiske hagar
Urbant landbruk aukar livskvaliteten i tette byer og bidrar til berekraftig utvikling.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Som del av forskingsprosjektet Cultivating Public Spaces, arrangerte Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås i 2019-2020 eit etterutdanningskurs med tittel: "Urbant landbruk: En verktøykasse for jordbruk i byen". Plantevitarane Tonje Bergh (Plantmania as) og Kari Mette Holm (Fylkesmannen i Vestfold og Telemark) og landskapsarkitektane Ingerid Heggelund (Larvik kommune) og Sigrid Stokke (Asplan Viak as) deltok på kurset.
Resultatet av kurset er publikasjonen "Fra ord til jord til kongens bord. Slottsparken – et utstillingsvindu for urbant landbruk". I publikasjonen er det utarbeidd ei verktøykasse med gode råd på vegen frå idé til realisering av draumar om urbant landbruk.
For landbruket betyr urbant landbruk styrkt omdømme og auka kunnskap om matproduksjon og sirkulærøkonomi. Urbant landbruk som eit element i historiske hagar, kan være et godt utgangspunkt for å invitere publikum inn til læring og samarbeid.