Høyring av ny forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom laksefisk og om nedsenking av garn i Vestland fylke
- Høyringsfrist:
- 9. september 2022 23:59
Vi legg fram forslag til ny forskrift. Ny frist for å gje uttale er 9. september 2022.
Det er i dag tre regionale forskrifter som regulerer fisket i 100-meterssoner, munningsfredingssoner og nedsenking av garn utanfor munningsfredingssonene i fylket. Forskriftene frå Hordaland og Sogn og Fjordane skal no samlast i ei felles forskrift for Vestland.
Forskrift om fiske i og utanfor munningsfredingssoner
Føremålet med forskrifta er å gje anadrom laksefisk (laks/sjøaure) naudsynt vern mot risiko for overfiske i sjø i Vestland.
Utkast til ny forskrift og høyringsnotatet finn du i høgremenyen.
Frist for å gje uttale er 9. september 2022
Alle som ønskjer det kan kome med uttale til ny forskrift. Vi ber om at uttale anten blir sendt med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller med e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 9. september 2022. Merk uttalen med 2021/12072.
- Høyringsfrist:
- 9. september 2022 23:59