Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
26. november 2020 09:30 - 14:00
Stad:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet

Tema for samlinga blir todelt; inngangsvilkår og utdanning som del av kvalifiseringsprogrammet. Samlinga blir gjennomført som digitalt møte i Teams. 

Publisert 26.06.2020, Oppdatert 09.12.2020

Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet (KVP). 

Tema for samlinga og program

Vi får innlegg om tema frå seniorrådgjevar Elisabeth Munch-Ellingsen, Arbeids- og velferdsdirektoratet og KVP rådgjevar Ilirjana Neziri, Nav Larvik.

Det blir lagt opp til erfaringsutveksling mellom deltakarane.

Meld inn spørsmål

Dersom du har spørsmål eller problemstillingar knytt til KVP, om inngangsvilkår eller om utdanning som del av KVP-program, så send dei på e-post innan utgangen av 16. november 2020 til Siren R. Skjerven. Kontaktinformasjon finn du under fana «Kontaktpersonar». På samlinga vil vi prøve å svare på dei spørsmål som vi har motteke innan frist, og som er aktuelle for samlinga.

Praktisk

Påmelde får tilsendt møteinnkalling til nettverkssamlinga på e-post etter at påmeldingsfristen er gått ut, og seinast dagen før samlinga. 

Påmelde blir delt inn i grupper på tvers av Nav-kontor for erfaringsutveksling i digitale grupper. Det kjem eigen møteinnkalling på e-post til gruppene.

Grunna utfordringar med oppkopling til digitale møter i Teams, oppfordrar vi dei som melder seg på, til å registrere @nav.no-eposten i påmeldingsskjemaet. Om det er spørsmål knytt til dette, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen. Kontaktinformasjon finn du under fana «Kontaktpersonar».

Det er ikkje høve til å melde seg på samlinga etter påmeldingsfristen er gått ut. 

Dato:
26. november 2020 09:30 - 14:00
Stad:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet