Miljøtiltak

Oppdatert 02.01.2023

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Statsforvaltaren skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.04.2021

Søknad til klima- og miljøprogrammet 2021 - andre runde

Søknadar som kom inn til søknadsfristen som var 7. april er no handsama. Vi lyser ut midlane som står att i ein runde to med søknadsfrist 10. mai 2021.


Publisert 15.04.2021

Gode tilskot for å få gjødsla raskt i jorda

Nedfelling/nedlegging av husdyrgjødsla er gunstig for klimaet, effektivt for bonden og godt for grasveksten. Økonomisk og agronomisk gevinst er ekstra stor ved bruk av tilførselsslange. Gode tilskot gjennom regionalt miljøprogram sikrar god økonomi.


Publisert 10.03.2021

Søknad til klima- og miljøprogrammet 2021

Forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima. Søknadsfristen er 7. april 2021.


Publisert 08.02.2021

Tilskot til miljøarbeid i jordbruket

Bonden gjer ein stor innsats for miljøet. Her er ei oppsummering for tilskotet i 2020. Gardsdrift med sau og geit vart særleg prioritert.


Publisert 27.05.2020

Fordeling av Klima- og miljømidlar for 2020

Midlane til fylkesvise prosjekt i Vestland frå Klima- og miljøprogrammet er fordelte for 2020. Prosjekt som styrkar kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis vart prioriterte.


Publisert 03.03.2020, Sist endra 28.04.2023

Tilskot til gjødsellager

Kommunane er oppmoda om å prioritere etablering av dekke over gjødsellager ved tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Innovasjon Norge har også eit tilskot til bygging av nytt gjødsellager med fast toppdekke. Etablering av dekke dempar utslepp til luft og aukar lagerkapasiteten for husdyrgjødsel.


Publisert 27.02.2020

Endring i SMIL-forskrift

Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket er endra, slik at det ikkje lenger er krav om å ha eit føretak for å kunne få SMIL-tilskot.


Publisert 12.02.2020

Evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap

På oppdrag frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Vestland, har Telemarksforsking gjennomført ei evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap. Denne satsinga består av delområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.


Publisert 28.01.2020

Bønder tek miljøansvar

Regionalt miljøprogram for Vestland har fordelt 58,7 mill. kr til bønder som gjer ein ekstra miljøinnsats innan prioriterte tiltak på sitt gardsbruk.


Publisert 22.10.2019

BEIT – ein optimistisk konferanse om klima, landbruk, fjøs, teknologi og slikt

Landbruk er ei utsleppskjelde for klimagassar, men kan også vere del av løysinga. Det hastar med å finne løysingar. BEIT er eit bidrag til dette.