Forureining

Oppdatert 07.03.2023

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.02.2019

Søknad om løyve - sikteverk ved Store Lungegårdsvann

Bybanen Utbygging vil etablere eit sikteverk for sortering av massar på anleggsområdet ved Store Lungegårdsvann. Frist for uttale er 5. april 2019. 


Publisert 11.01.2019, Sist endra 05.02.2021

Meldeskjema for asfaltverk

Før oppstart eller endring av drift av asfaltverk må verksemda sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema, og må sendast inn i god tid før oppstart.


Publisert 11.01.2019

Meldeskjema for mellomstore forbrenningsanlegg

Mellomstore forbrenningsanlegg skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.


Publisert 11.01.2019

Meldeskjema for kjemisk og elektrolytisk overflatebehandling

Verksemder som driv med kjemisk eller elektrolytisk overflatebehandling skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.


Publisert 11.01.2019

Meldeskjema for skipsverft og andre anlegg for mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar

Skipsverft og andre verksemder som driv mekanisk overflatebehandling, vedlikehald og reparasjon av metallkonstruksjonar skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.


Publisert 11.01.2019, Sist endra 05.02.2021

Meldeskjema for produksjon av pukk, grus, sand og singel

Ved produksjon av pukk, grus, sand og singel skal ein i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast inn på standard skjema.


Publisert 09.01.2019

Søknad om utsleppsløyve for Tokagjelet kraftverk

Tokagjelet AS søkjer om løyve til utslepp av borevatn i samband med bygging av Tokagjelet kraftverk i Kvam herad. Planlagt oppstart av borearbeid er juni 2019 og forventa drivetid er om lag 12 månadar.


Publisert 07.01.2019

Søknadsskjema for mudring, dumping og utfylling

Ved mudring/graving og disponering av massar og material i sjø og vassdrag må tiltakshavar på førehand avklare med Statsforvaltaren om ønskt tiltak kan gjennomførast, og om tiltaket krev løyve etter forureiningsregelverket. Her finn du søknadsskjema for å sikre at alle nødvendige opplysningar vert omtalt.