Statsforvaltaren i Vestland
English Norsk (bokmål) Davvisámegiella Åarjelsaemiengiele
  • Statsforvaltaren i
    Statsforvaltaren.no
    Agder
    Innlandet
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Rogaland
    Troms og Finnmark
    Trøndelag
    Vestfold og Telemark
    Vestland
    Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
  • Om oss
    Om oss
    Offentleg postjounal
    Statsforvaltar Liv Signe Navarsete
    Vil du jobbe hos oss?
    Presserom
    Historie
    Organisasjon og leiing
    Kontakt oss
  • Kontakt oss
  • Fagområde A-Å
  • Abonner på nyhende
  1. Vestland
  2. Nyhende

Nyhende

Sysendammen i Eidfjord kommune. Dammen demmer opp Sysenvatnet og er eit av magasina i Eidfjord Nord utbygginga. Miljøtilhøva i eldre vassdragsreguleringar kan betrast ved å revidere konsesjonsvilkåra. Det er opna for revisjon av konsesjonsvilkåra til Eidfjord Nord-utbygginga.

Energisaker i 2021

Statsforvaltaren i Vestland handsama totalt 69 energisaker i 2021, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.

16.02.2022

Dalsfjorden er ein trong fjord med stor tilførsle av ferskvatn frå omkringliggjande areal. Med fleire undersjøiske tersklar utover fjorden blir det danna spesielle livsmiljø for marine artar. Det kjente landemerket Laukelandsfossen er synleg om lag midt i biletet.

Høyring av Dalsfjorden marine verneområde

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi verneframlegget for Dalsfjorden marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 1.mai 2022 (ny frist).

16.02.2022

Tildeling av fornyings- og innovasjonsmidlar 2022

Statsforvaltaren har tildelt midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt for tilsaman 13,7 mill. kroner til kommunane i Vestland.

15.02.2022

Føremålet med vern av Stad som marint verneområde er å ta vare på eit representativt havområde på den ytre, eksponerte kysten, frå land til ope hav. Verneverdiane er knytt til mangfaldet av undersjøiske naturtypar i dette sterkt eksponerte kystområdet på den inste delen av kontinentalsokkelen.

Høyring av Stad marine verneområde

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi verneframlegget for Stad marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 12. mai 2022 (ny frist). 

09.02.2022

Sponheim attende på arbeid

Lars Sponheim er attende i 40 prosent stilling frå 10. januar, etter å ha vore sjukemeldt sidan mars 2021. Gunnar O. Hæreid held fram som fungerande statsforvaltar fram til Sponheim er i full stilling.

03.02.2022

Framleis mange avvik i avløpsbransjen

Hausten 2021 kontrollerte vi kommunale avløpsanlegg som er omfatta av kapittel 14 i forureiningsforskrifta.

02.02.2022

Avgjerd om havarert flytedokk ved Ågotnes

Etter ei samla vurdering stadfester Statsforvaltaren vedtaket i Øygarden kommune der Coast Center Base AS (CCB) ikkje blir pålagt å heve havarert flytedokk ved Ågotnes.

27.01.2022

Kommunegrensa i Alver blir ikkje justert

Statsforvaltaren i Vestland har avgjort at initiativet til grensejustering frå innbyggjarar og næringsdrivande i gamle Romarheim-Urdal skulekrins i Alver kommune ikkje skal utgreiast vidare.

26.01.2022

Svikt i kontroll av senger førte til alvorleg pasientskade

Ein mann som falt ut av senga ved Førde sentralsjukehus døydde kort tid etter fallet. I vår tilsynssak har vi kome til at mannen ikkje fekk forsvarleg helsehjelp. Sjukehuset hadde ikkje gode nok rutinar for kontroll av kvaliteten på sengene.

25.01.2022, Endra 28.01.2022

Tilsyn med Bergen kommune har avdekt brot på reglane om privat heimeopplæring

Vi har ført tilsyn med Bergen kommune. Temaet for tilsynet var rett og plikt til grunnskuleopplæring, privat heimeopplæring, og internkontroll etter kommunelova. Vi fann brot på alle desse temaa.

10.01.2022

  • Forrige
  • 32
  • 33
  • 34
  • 35
  • 36
  • 37
  • 38
  • 39
  • 40
  • Neste

Statsforvaltaren i Vestland

Post- og besøksadresser til kontorstadane våre

Telefon: 57 64 30 00

E-post: sfvlpost@statsforvalteren.no

Organisasjonsnummer: 974760665

Ansvarleg redaktør: Liv Signe Navarsete
Nettredaktør: Solveig Mork Holmøyvik

Personvernerklæring 
Tilgjengelegheitserklæring (uustatus.no)

Har du innspel til sidene våre? 

Miljøfyrtårnsertifisering