FylkesROS Hordaland

FylkesROS Hordaland er ein risiko- og sårbarheitsanalyse som tek føre seg vesentlege risikotilhøve det må planleggast for. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.01.2019

Målsettinga for analysane i FylkesROS Hordaland er at dei skal

  • gje eit heilskapleg oversyn over risikobiletet i Hordaland, både med omsyn til naturgjevne og menneskeskapte hendingar
  • auke den generelle kunnskapen om risikotilhøve i fylket
  • auke merksemda omkring samfunnstryggleik
  • vere eit basisdokument for vidare ROS-analysar på regionalt og lokalt nivå

Fylkesmannen i Hordaland publiserer no FylkesROS som enkeltståande analyser på nett, noko som gjer at vi lettare kan supplere, utvide eller revidere analysane ved behov.

Her er gjeldande risiko- og sårbarheitsanalysar - FylkesROS Hordaland:  

  1. Om Hordaland fylke (2015)
  2. Om risiko i samfunnet og metodeval (2015)
  3. Naturhendingar (2015)
  4. Svikt i kritisk infrastruktur (2015)
  5. Epidemiar og helseberedskap (2015)
  6. Store ulykker og masseskadar (2015)
  7. Atomulykker og radioaktiv stråling (2015)
  8. Akutt forureining (2015)
  9. Viljestyrte hendingar (2015)
  10. Dyresjukdomar og landbruk (2009)
  11. Oppdrett av laks og regnbogeaure (2018)

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.