Revidert nasjonalbudsjett 2023 og Kommuneproposisjonen 2024 - nokre hovudpunkt
Revidert nasjonalbudsjett 2023 (RNB) og Kommuneproposisjonen 2024 blei lagt fram 11. mai. Her er nokre hovudpunkt og lenkjer til dei aktuelle dokumenta.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommuneøkonomien i 2023
I 2022 fekk kommunane samla sett eit netto driftsresultat på 3,0 prosent. Dette er 1,7 prosent lågare enn året før, men er framleis godt over tilrådinga frå det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU). Det er større variasjon mellom kommunane i 2022 enn føregåande år. Kommunane har jamt over god økonomistyring og solide reservar. Talet på kommunar i ROBEK nasjonalt er lågt. I Rogaland er det ingen kommunar i ROBEK.
Regjeringa varsla tidlegare i år at det ville bli gjort ei løns- og prisjustering av budsjettet for 2023. Kommunal deflator i 2023 er no rekna til 5,2 prosent, noko som er ei auke på 1,5 prosent samanlikna med anslaga i nasjonalbudsjettet for 2023. Dette er ei auke på om lag 6,9 mrd. kroner. Samstundes er meirskatteveksten rekna til om lag 4,3 mrd. kroner. Basert på desse anslaga overstig kostnadsveksten meirskatteveksten med 2,6 mrd. kroner, og det er foreslått å kompensere kommunane og fylkeskommunane med dette beløpet i revidert nasjonalbudsjett for 2023.
Auke i rammetilskotet for kommunane i 2023
Regjeringa foreslår, etter ei heilskapleg vurdering, at kommunane skal få ei auke i rammetilskotet på 2,1 mrd. kroner. Av dette vil 500 mill. kroner vere vekst i frie inntekter på toppen av anslått netto kostnadsvekst. Kommunar med lågare skatteinngang per innbyggjer enn gjennomsnittet får ein større del enn innbyggjartalet skulle tilseie.
Konsesjonskraft – lågare trekk
Stortinget vedtok eit eittårig trekk i rammetilskotet på til saman tre milliardar kroner for 2023. Etter at trekket blei kjent har både spotprisane og terminprisane for resten av 2023 gått betrakteleg ned. Regjeringa reduserer difor trekket i rammetilskotet, noko som fører til ei auke i rammetilskot til kommunane og fylkeskommunane på 2,1 mrd. kroner. Det er framleis tatt omsyn til fastprisar som følgje av juridisk bindande avtaler eller vedtak om subsidiert straum til innbyggjarar eller lokalt næringsliv. Basert på oppdaterte spotprisanlegg for høgprisområda (NO1, NO2 og NO5) er det for konsesjonskrafta lagt til grunn ein antatt spotpris på 100 øre/kWh i 2023 for alle tre prissonar. Trekket er på 90 prosent av dei anslåtte verdiane utover ein gjennomsnittspris på 70 øre/kWh. Ved lågare straumprisar vil regjeringa kunne komme tilbake i nysalderinga med ein ny justering av trekket.
|
Kommunar |
Fylkeskommunar |
Kommunesektor |
Trekk i Prop. 1 |
2 200 |
800 |
3 000 |
Trekk i RNB |
535 |
330 |
865 |
Auka rammetilskot |
1 665 |
470 |
2135 |
Kommunevis endring i trekket:
|
Opprinneleg trekk i saldert budsjett 2023 |
Totalt trekk justert i RNB |
Auke i rammetilskot (1000 kr) |
Eigersund |
7 731 |
1 729 |
6 002 |
Sandnes |
141 826 |
31 719 |
110 107 |
Sokndal |
5 772 |
1 291 |
4 481 |
Lund |
7 922 |
1 772 |
6 150 |
Bjerkreim |
270 |
60 |
210 |
Gjesdal |
18 842 |
4 214 |
14 628 |
Strand |
8 424 |
1 884 |
6 540 |
Hjelmeland |
- |
- |
- |
Suldal |
124 373 |
15 723 |
108 650 |
Sauda |
106 979 |
31 680 |
75 299 |
Endringa i trekket gir kraftkommunane i Rogaland samla ei auke i rammetilskotet på 332 millionar kroner.
Vertskommunar – Auke i inntekter frå utnytting av naturressursane
Regjeringa la fram ein proposisjon om å innføre grunnrenteskatt for havbruksnæringa 28. mars i år, og saka skal behandlast av Stortinget før sommaren. Hensikten med innføringa av grunnrenteskatten er å sikre lokalsamfunna langs kysten og fellesskapet ein større del av dei verdiane som vert skapt i oppdrettsnæringa. Satsen for grunnrenteskatt er sett til 35 prosent, det vil si lågare enn høyringsframlegget på 40 prosent. Grunnrenta vil variere frå år til år, mellom anna ut frå utviklinga i prisar og kostnadar, slik at òg nivået på skatteinntektene vil svinge. Minst halvparten av inntektene som kjem inn, skal gå attende til kommunesektoren.
Framlegget inneber at selskapa betalar ein produksjonsavgift på 90 øre per kilo. Dette går via Havbruksfondet og vil gje vertskommunane og fylkeskommunane stabile inntekter. Regjeringa har gått bort frå framlegget i høyringa om å innføre ein naturressursskatt. Om det er naudsynt for at sektoren etter dette skal få halvparten av grunnrenteskatten, vil det komme som ei ekstraløyving til kommunane og fylkeskommunane.
Kommunesektoren sin del av inntektene frå auksjonar av nye konsesjonar vert auka frå 40 prosent i dag til 55 prosent.
Mottak og busetting av flyktningar
Dei siste prognosane viser at det kan bli behov for å busette 43 000 flyktningar i Noreg i 2023. Regjeringa fremmar difor følgjande forslag:
- Kommunane vil få 50 000 kr for flyktningar som dei buset utover dei som IMDI har bedt kommunen om å busette. Dette kjem i tillegg til dei ordinære tilskota kommunane mottar til arbeid med busetting og integrering.
- Tilskot for å busette dei med særskilte behov blir auka.
- Kommunar kan få tilskot for å gi utvida norskopplæring til dei som har behov for det.
- I tillegg blir integreringstilskotet og det særskilte tilskotet ved busetting av einslege mindreårige flyktningar prisjustert.
Istandsetting, bygging og kjøp av utleigebustadar
Eit viktig tiltak for å møte kapasitetsutfordringar i kommunane, både når det gjeld flyktningar og vanskelegstilte på bustadmarknaden, er tilskotet til utleigebustader. Regjeringa foreslår at tilskotet til Husbanken blir mellombels gjeninnført med ei tilsegnsramme på 400 mill. kroner i 2023. Nytt frå tidlegare år er at kommunane òg kan få tilskot til istandsetting av bustader.
Investering til heildøgns omsorg
Det har vore stor etterspurnad etter investeringstilskot til heildøgns omsorg i 2023. For å bidra til nok bustader for eldre foreslår regjeringa difor i revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga med 200 mill. kroner i 2023.
Kommuneøkonomien for 2024
Regjeringa legg opp til ei realauke i frie inntekter på mellom 5,6 og 5,9 mrd. kroner i 2024. Innan denne auka ligg det inne satsingar på 150 mill. kroner til kommunane for psykisk helse og rus, 100 mill. kroner til de kommunane som tapar mest på gradert basiskriterium og 300 mill. kroner til fylkeskommunane grunna omlegging av inntektssystemet. Det er lagt opp til at kommunane får 4,4-4,7 mrd. kroner av den samla auka i frie inntekter, mens fylkeskommunane får 1,2 mrd. kroner av auka.
Skjønsramma for 2024
Kommunal- og distriktsdepartementet fordelar årleg ein del av rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar etter skjøn. Den totale skjønsramma er foreslått til 1 mrd. kroner i 2024. Ramma fordelar seg slik: 800 mill. kroner i basisramme, 25 mill. kroner til prosjektskjøn og 175 mill. kroner til departementet sin reservepott. Basisramma er heldt på same nivå som i 2023. Størrelsen på departementets prosjektskjøn er redusert med 5 mill. kroner frå året før.
Regjeringa foreslår å overføre 50 mill. kroner frå fylkeskommunen sin skjønspost til kommunane sin skjønspost, og å opprette ein felles reservepott til kommunane og fylkeskommunane. Kommunar som har utgifter som i sum overstig 250 kroner per innbyggjar kan søke til departementet om skjønnsmidlar frå reservepotten. Kommunen kan få ein kompensasjon som dekker halvparten av utgiftene.
Det er store forekjeller i størrelsen på dei fylkesvise skjønsrammene, og dei siste åra er det føretatt ein forsiktig omfordeling mellom fylka for å jamne ut forskjellane. Det er enno ikkje kjent kva ramma til Rogaland blir for 2024.
Nytt inntektssystem i 2025
Inntektssystemutvalet la fram sin NOU med ei rekke anbefalingar og forslag til endringar i inntektssystemet i august 2022. Utvalet si utgreiing var deretter på høyring fram til januar 2023 og fekk inn om lag 300 høyringssvar frå kommunar og andre. Departementet treng no meir tid til å greie ut og vurdere forslaga som kom inn. Regjeringa vil leggje fram forslag til nytt inntektssystem for kommunane i ei melding til Stortinget våren 2024, med sikte på at nytt inntektssystem får verknad frå og med 2025.
Kompensasjon gradert basis – 100 mill. kroner i 2024
Regjeringa foreslår å fordele 100 mill. kroner i 2024 til kommunane som taper mest på dagens modell for gradert basiskriterium. Kommunane vil bli kompensert med om lag 1/3 av netto tap utover 300 kroner per innbyggjar. Kompensasjonen er eittårig og gjelder følgjande kommunar i Rogaland:
Kommune |
Innbyggere per 1.7.22 |
Anslag kompensasjon gradert basis |
|
|
kol. 1 |
kol. 2 |
kol. 3 |
|
|
(1000 kr) |
(kr pr innb) |
1111 Sokndal |
3 284 |
856 |
261 |
1112 Lund |
3 190 |
701 |
220 |
1114 Bjerkreim |
2 831 |
713 |
252 |
1122 Gjesdal |
12 261 |
247 |
20 |
1127 Randaberg |
11 540 |
700 |
61 |
1130 Strand |
13 357 |
128 |
10 |
1135 Sauda |
4 526 |
1 106 |
244 |
1145 Bokn |
853 |
462 |
542 |
SUM Rogaland |
51 842 |
4 913 |
|
Forsøk med frikommunar
Regjeringa inviterer no kommunar og fylkeskommunar til å søke om å bli forsøkskommunar. Ordninga er eit av tiltaka som skal bidra til å utvikle kommunesektoren, for å kunne nå måla i tillitsreforma. Gjennom forsøk kan kommunar og fylkeskommunar få fritak frå lov eller forskrift for å kunne teste ut nye arbeidsformer, eller prøve ut endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa. Forsøka skal vere innan heimlane i forsøkslova og forsøksheimlar i sektorlovane.
Fristen for at kommunar kan sende inn søknad om å bli forsøkskommunar er 8. september 2023.
Sjå tabellar som er lagt ved for meir detaljar og oversikt nasjonalt.