Ny oversikt over landbruksproduksjonane i Rogaland
Lurer du på kor mykje mjølk, eller kor mange kilo egg som blir produsert i Rogaland? Fylkesmannen har sett saman statistikk som viser omfanget av landbruksproduksjonen i fylket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Hovudtrekka viser at kjøtproduksjon frå kraftfôrkrevjande dyr som fjørfe og svin er kraftig aukande. Mellom anna blei det produsert nesten tre gonger så mykje kyllingkjøt i 2016 samanlikna med 2006. Grovfôrbaserte produksjonar held seg nokså stabile, men viser nedgåande tendens for storfekjøt, og svak auke for sauekjøt.
Skogbruket utmerkar seg også med ei tredobling av tømmeruttaket. Etter krigen var det omfattande skogreising. Denne skogen er no hogsmoden, og det viser igjen i statistikken.
Nokre av tala i tabellen er usikre. Dette gjeld spesielt frukt, bær, honning, juletre og klippegrønt. Mykje av salet går utanom dei organiserte omsettingsledda, og blir ikkje registrert i tilgjengelege databasar. Poteter og grønsaker er ikkje med i tabellen, då vi mang.
Alt i alt er tabellen godt eigna for å sjå kor myke mat og andre produkt som landbruket i Rogaland bidreg med, og som forbrukarane kan finna igjen i butikkhyllene i heile Noreg.
Kontaktpersonar
-
Morten Svanes
Tlf: 51 56 89 74