Fylkesmannen fremmar motsegn til kort tunnel for ny E 39 ved Figgjo
Fylkesmannen meiner lang tunnel og kort dagsone må veljast for ny E 39 ved Figgjo/Håland. Statens Vegvesen si vurdering er at kort tunnel og lang dagsone er beste alternativ.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunedelplan E 39 Hove-Ålgård har vore på offentleg ettersyn. Planen gjeld 14 km motorveg og ei investering på opp mot 2,2 mrd. kroner.
Med bakgrunn i motstridande motsegner frå Fylkesmannen og Statens Vegvesen om traseval ved Figgjo/Håland, vart det 24.01.14 gjennomført Statleg samordningsmøte i saka. Dette er ein del av dei nye rutinane for at regionale statlege styremakter skal samordna sine vurderingar tidlegast mogleg i planprosessen. Noko som skal gi meir effektiv planlegging.
Fylkesmannen og Statens Vegvesen er samde om det meste for heile strekninga i planen. Det blei ikkje endeleg avklaring om delstrekning B ved Figgjo/Håland i samordningsmøtet 24. januar. Kommunedelplanen skal nå bli behandla i Sandnes kommune på vanleg måte, der kommunestyret i Sandnes må gjere vedtak om kva trasé kommunen går for.
Dersom det framleis er motsegn i saka, må dette løysast gjennom drøfting og mekling mellom partane.
Fylkesmannen si grunngjeving for motsegn til B9/B1 og at vi meiner B15 er best alternativ, er følgjande:
- Konsekvensar av vegprosjektet må vurderast i eit langsiktig og berekraftig perspektiv
- B15 sikrar nasjonale jordverninteresser best
- B15 gir minst behov for støyskjerming og gir generelt mindre støy til nærområde og eksisterande tettstad
- B 15 er best for barn og unge sitt oppvekstmiljø
- Det er tydeleg forskjell i ikkje-prissette konsekvensar (jordvern og nærmiljø) og for B9 og B15
- Kostnadsforskjellen mellom B9 og B15 er ikkje av eit omfang som kan tilleggast avgjerande vekt
- B 15 sikrar trafikktryggleik. Redusert fart i krysset ved Figgjo/Håland bør vurderast for å oppnå ei betre samla løysing
Forkortingane B1, B9 osb. er forklart i planforslaget frå Vegvesenet.