Ny PBL-rettleiar om utvikling av anna næring i LNF-område

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og landbruks- og matdepartementet har utgitt ein ny rettleiar til plan- og bygningslova om byggje- og anleggstiltak i samband med landbruket. Rettleiaren erstattar Landbruk pluss, T 1443 frå 2005.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2017

Rettleiaren skal medverke til:

Intensjonen til regjeringa er å leggje betre til rette for landbruksbasert næringsutvikling gjennom rettleiing og ved at landbruket blir betre integrert i regional og lokal samfunnsplanlegging.

Kva er handlingsrommet til kommunane?

Hensikten er å gjera det enklare å forstå og å tydeleggjera kommunens handlingsrom. Til dømes skal den gi rettleiing i bruk og tolking av pbl § 11-7 andre ledd nr. 5, a og b. I dei fleste tilfelle er det enkelt å komme fram til om tiltaket er i tråd med LNFR-formålet eller ikkje. Det finnes også mange tilfelle kor det er tvil, dersom tiltaket fell utanfor LNFR-omgrepet må prosjektet behandlast som ein dispensasjon eller gjennom ein reguleringsplan. Til dømes: kor går grensa mellom landbruk på den eine sida og industri, hestesenter, rideanlegg, dyrepensjonat og kennel. Eit av kriteria som blir lista opp i rettleiaren er om tiltaket er knytt til produksjon på garden eller det behovet garden har for varer og tenester. Vurderinga av om tiltaket er i tråd med LNFR-formålet vil også innebere eit element av skjønn.

Bruk skjønn og vurderingskriterielista, men hugs dei andre lovverka!

Omgjevnader og kryssande arealinteresser varierer frå sak til sak, derfor er det ikkje gitt absolutte grenser for kva slags type tiltak og kva storleik som er akseptabelt. Her kjem vurderingskriteria til rettleiaren inn. På side 8 pkt. 1.1 er det lista opp ulike kriteria, utgangspunktet er om tiltaket kan knytast til gardens produksjon og om føretaket er tilpassa gardens eige ressursgrunnlag. I tillegg må kommunen vurdera andre faktorar som til dømes tiltakets verknader når det gjeld natur- kulturlandskap, naturmangfald, trafikk og forvaltning av vatn. Dokumentet er ein rettleiar etter plan- og bygningsloven. I tillegg må kommunen vurdera tiltak opp mot til dømes konsesjonslova, forureiningslova, jordlova og andre sektorlovar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar