Rapportering på kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2020
Kommunar og andre som har motteke tilskot frå kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot i 2020 skal rapportere til Statsforvaltaren. Frist for å rapportere er 1. april 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Utfylte rapportskjemaer skal sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no merka med saksnr. 2020/10745.
I rapporteringa skal det nyttast tre ulike skjema (sjå under "Dokument").
Skjemaet Vedlegg 1 Måloppnåelse (excel-ark): Unngå å legga til ekstra rader i skjemaet eller endra oppsettet. Vi viser elles til rapporteringsrettleiing, sjå til høgre i artikkelen.
Merk òg at det er krav om revisorkontroll for tilskot som gjeld kompetanse, BPA og innovasjon i 2020, dersom summar for alle delane av tilskotet til saman overskrid 200 000 kroner.
Krav til revisorstadfesting gjeld ikkje for tilskotsbeløp mindre enn 200 000 kroner. Dersom innvilga tilskot er høgare enn 200 000 kroner per år, medan forbruket er lågare enn 200 000 kroner per år, kan det leverast revisorstadfesting for to år av gongen. For tilskotsbeløp under 200 000 kroner, ber vi om at utskrift av (prosjekt)rekneskapen for 2020 blir sendt saman med rapportskjemaet.
For tilskot som samla overstig 200 000 kroner
Rekneskapen skal reviderast av registrert revisor, statsautorisert revisor eller oppdragsansvarleg kommunerevisor (jf. § 11 i forskrift om revisjon i kommunar og fylkeskommunar) i samsvar med Standarden i den norske revisorforening ISA 805 «Særlige hensyn ved revisjon av enkeltstående regnskapsoppstillinger og spesifikke elementer, kontoer eller poster i en regnskapsoppstilling».
Rapportering på innovasjonsprosjekt
Gi ei kort forklaring for framdrift i prosjektet opp mot prosjektplanen. Dersom prosjektplanen ikkje er følgd, gi ei skildring av kva som har hindra framdrift både når det gjeld aktivitet og bruk av økonomiske middel.
Dersom prosjektet er sluttført, gi ei evaluering av kva prosjektet har gitt av effekt og gevinst i helse- og omsorgstenesta, og kva tyding det har hatt/vil ha for praksis. Gi òg gjerne ei skildring av om verksemda deira har delt erfaringar med andre verksemder eller har plan for dette. Rapporten skal sendast inn saman med dei andre rapportskjemaene.
Du finn tilskotsregelverket for kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2020 her.