Høyring av verneplan for Finndalstveitjuvet

Høyringsfrist:
10. november 2023
Ein av dei veldig få brannstubbane som er i området. Foto: Maria K. Hertzberg
Ein av dei veldig få brannstubbane som er i området. Foto: Maria K. Hertzberg

Vi sender nå ut på høyring forslag til vernegrenser og forskrift for Finndalstveitjuvet i Fyresdal kommune. Høyringa er ledd i det nasjonale arbeidet med frivillig vern av skog.

Publisert 14.09.2023

Bakgrunnen for framlegget er eit tilbod frå grunneigarene i området om frivillig vern av skog. Det er gjort registreringar av naturverdiane i området i 2020 som dokumenterer verdiar som kvalifiserer for vern etter naturmangfoldloven.

Navn  Kommune Areal Verneverdi 

Finndalstveitjuvet

Fyresdal

1 561 daa

Nasjonal (***)


Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av det planlagde verneforslaget. Vi ber høyringsinstansane spesielt om opplysningar om gruveopningar, stølar/seterbuer, jaktbuer, stigar/sleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i verneområdet.

Høyringsfristen er 10. november 2023.

Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no.

Spørsmål knytt til verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, tlf. 33 37 10 00.

 

Bekkekløftas retning (sørvest-nordaust). Foto: Maria K. Hertzberg
Bekkekløftas retning (sørvest-nordaust). Foto: Maria K. Hertzberg

 

Rasmark-almeskog, noko grove gamle alm og rik vegetasjon. Foto: Joachim Restad
Rasmark-almeskog, noko grove gamle alm og rik vegetasjon. Foto: Joachim Restad

 

 

Høyringsfrist:
10. november 2023

Kontakt oss

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no


All kontakt på e-post blir behandlet etter samme prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angående en spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjelder saken personsensitive opplysninger, kan du òg sende sikker melding 

Telefon til vårt sentralbord:  33 37 10 00