Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 21.12.2023

Endeleg utgreiingsprogram for Sognefjorden

Utgreiingsprogrammet skal liggje til grunn for den marine verneprosessen og sikrar både involvering og kunnskapsproduksjon dei neste åra fram mot vernevedtak. Det er no fastsett av Miljødirektoratet, og vi sender med dette ut det endelege dokumentet. 


Publisert 20.12.2023

Første naturreservat med frivillig skogvern i Stad kommune

Kudalen ligg like aust for Hunvika i Stad. Området vart i dag verna i statsråd som naturreservat, som det første frivillig skogvern-området i kommunen. Eit av verneføremåla er å ta vare på store, gamle tre med hengjelav. 


Publisert 13.12.2023

Høyring av frivillig skogvern for Helleren (Galdane) i Lærdal

Som ein del av arbeidet med å ta vare på verdifull norsk natur for framtida sender vi forslag om vern av Helleren naturreservat (tidlegare kalla Galdane) i Lærdal kommune på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 15. februar 2024.


Publisert 07.12.2023

Vi melder oppstart av frivillig skogvern ved Gyttavatnet i Fjaler kommune

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Gyttavatnet naturreservat i Fjaler kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 23. januar 2024.


Publisert 05.12.2023

Høyring av frivillig skogvern for Svanøy naturreservat i Kinn kommune

Som ein del av arbeidet med å ta vare på verdifull norsk natur for framtida sender vi forslag om vern av Svanøy naturreservat i Kinn kommune på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 15. februar 2024.


Publisert 28.11.2023

Informasjonsmøte om utviding av Steinevik naturreservat i Austevoll

Kystlytnghei er ein naturtype som er sterkt truga i Noreg, men i Austevoll er det store, samanhengjande areal med denne verdifulle naturen. I samarbeid med Selbjørn grunneigarlag inviterer vi til ope møte for å høyre di meining om supplerande vern i dette området. Velkomen!


Publisert 02.11.2023

Vi kartlegg Sognefjorden for å få meir kunnskap om fjordbotnen i den marine verneprosessen

Som eit ledd i verneprosessen for Sognefjorden er Havforskingsinstituttet i disse dagar ute for å kartleggje fjordbotnen. Vi vil her skildre kva som skjer framover i den marine verneprosessen for verdas djupaste og vår lengste fjord. 


Publisert 01.11.2023

Informasjonsmøte om supplerande vern på Fedje

Fedje har store førekomstar av verdifull myr som er viktig for både biologisk mangfald og for karbonlagring. Vi inviterer til ope møte om utviding av Fedjemyrane landskapsvernområde. Velkomen til møte i Fleirbrukshallen på Fedje den 27. november kl 18.00. 


Publisert 31.10.2023

Vi inviterer til informasjonsmøte om supplerande vern i sørvestre Øygarden

I det sørvestre Øygarden ligg eitt av dei største og mest intakte kystlandskapa i Hordaland, og vi ønskjer å ta vare på området for framtida. Vi inviterer til ope møte i Nordsjøfartmuseet i Telavåg den 14. november kl 18 for å høyre di meining.


Publisert 10.10.2023

Vi tilrår frivillig vern av Vestreim naturreservat i Sogndal

Vi tilrår frivillig skogvern av Vestreim i Sogndal kommune. Her er det store naturkvalitetar, særleg knytt til den gamle og produktive furuskogen i den sørlege delen av området. Å verne Vestreim som naturreservat vil sikre desse verdiane for framtida.