Vi tilrår Dalsfjorden som marint verneområde
Få land i verda har fjordlandskap, og det er ingen tvil om at norske fjordar har store, internasjonale naturverdiar. Dalsfjorden medverkar til å understreke dette. Vi tilrår at Dalsfjorden får status som marint verneområde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren i Vestland har oppsummert høyringsinnspela til framlegget om å etablere Dalsfjorden marine verneområde i kommunane Askvoll, Fjaler og Sunnfjord. Til høgre i denne nettsaka kan du finne oversendingsbrevet, tilrådinga, framlegg til verneforskrift, oversiktskart og detaljkart.
Lang høyringsperiode og dialog undervegs
Verneforslaget omfattar eit sjøareal på ca 10,7 km². Verneplanen låg ute på høyring eit drygt år frå våren 2022 til sommaren 2023, og vi mottok mange ulike innspel undervegs i prosessen. Det har vore viktig for oss å bruke god tid under høyringa.
Vi har gjort mindre endringar i kartet på bakgrunn av innspel under høyringa for å ta omsyn til eksisterande bruk av kaier og kommunale planar. Vi har hatt mange møte i løpet av verneprosessen og vil synleggjere det gode samarbeidet med kommunane.
Marint vern bidreg til å ta vare på norsk natur for framtidige generasjonar
Vi foreslår området verna som marint verneområde i medhald av naturmangfaldlova § 39: Det kan opprettes verneområder i sjø for å beskytte marine verneverdier. Dette omfatter også naturverdier som er økologiske betingelser for landlevende arter.
Marint vern bidreg til at vi tek vare på representative, særeigne, sårbare og truga undersjøiske naturtypar langs kysten og i territorialfarvatnet. Vern av det marine området inst i Dalsfjorden bidreg til at Noreg kjem litt nærmare målet med å oppfylle nasjonale og internasjonale avtalar.
Dalsfjorden har eit verdifullt fjordlandskap
Dalsfjorden er ein smal fjordarm i Sunnfjord omkransa av fossefall og bratte, skogkledde lier. Det er stor tilførsel av ferskvatn i Dalsfjorden, og det har danna seg spesielle naturmiljø under vatn. Dalsfjorden kandidatområde for marint vern har naturkvalitetar som er å rekne som verdfulle i nasjonal samanheng. Området dekkjer viktige element i den nasjonale marine verneplanen som har hovudfokus på representativitet.
Gjennom mange istider har breane utforma Dalsfjorden. På botn av dei fleste fjordar finn ein tersklar som breane har lagt att. I Dalsfjorden er det fleire slike tersklar med ulikt artsmangfald innover fjorden. Artar som ein vanlegvis finn djupare under overflata trivst i ganske grunne område her i kandidatområdet.
Leveområde for ei lang rekke artar
Fjorden er smal, og med fleire spesielle biologiske førekomstar som korallar, sjeldne brakkvassplantar og rike straumområde. Svædsundet, der fjorden er på det smalaste, har ein rik, fastsitjande hardbotnfauna langs fjordveggane. Både anemonar og korallar trivst godt i det straumrike sundet. Fleire stader i Dalsfjorden er det funne store mengder med grunne førekomstar av begerkorall på 5-15 meters djupn.
I Dalsfjorden er vernegrensa fleire stader trekt slik at marine gruntområde i fjøra vert inkludert. Grunne område i fjorden er svært viktige for den biologiske produksjonen og det marine artsmangfaldet. Her finst dei fleste artane, og i tillegg er gruntområde med tareskog og fjøresone viktige oppvekstområde for fisk.
Det er ei målsetjing å halde verneverdiane utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som område for forsking og overvaking.
Kva betyr eit marint vern?
Marint vern grip ikkje inn i eigedomsrett, busetjingsmønster, næringsverksemd eller samfunnsutvikling på land, men aktivitet i tilgrensande område kan gje indirekte effektar på marine område ved t.d. utslepp. I framlegget til verneforskrift opnar vi for at pågåande aktivetar i hovudsak kan førast vidare i kandidatområdet. Unntaket er oppankring av større skip, særleg der sjøbotn kan vere sårbar. Eksisterande akvakultur skal også kunne fortsetje innanfor gjeldande konsesjonar og løyve.
Vi fekk mange innspel i høyringsperioden, og vi brukte god tid til å høyre verneforslaget. Kvart enkelt innspel er oppsummert av oss og kommentert i tilrådinga. Vi har så langt det er mogeleg justert både verneforskrifta og vernekartet basert på innkomne innspel. Alle innspela ligg også i sin heilskap i eit eige dokument.
Sjå dokumentsamlinga til høgre for både oversendingsbrevet, tilrådinga, framlegg til verneforskrift, framlegg til kart (både oversiktskart og detaljkart) og innspela til høyringa.
Ved å trykke på denne lenkja til fylkesatlas kan ein sjå det digitale kartet over Dalsfjorden kandidatområde for marint vern. Vernegrensa går generelt på to meters djup, men går heilt inn mot land i gruntvassområde med særleg stor biologisk produksjon som det er ønskjeleg å inkludere i verneområdet. Fordi tometers djupnekoten ikkje er tilgjengeleg i Dalsfjorden, er framlegget laga med utgangspunkt i flyfoto. Les gjerne meir om Dalsfjorden ved å trykke på denne lenkja, der er også betre oversikt over dei ulike stega i verneprosessen.
Vidare prosess
Vi har sendt vår tilråding om vern av Dalsfjorden til Miljødirektoratet. No skal dei behandle saka, før dei sender si tilråding vidare til Klima- og Miljødepartementet. Eit endeleg vernevedtak blir eventuelt fatta ved kongeleg resolusjon.
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Halvor Røssum
Tlf: 57 64 31 44 -
Anne-Marie Colban
Tlf: 55 57 22 53 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50
Dokument
- Vi tilrår vern av Dalsfjorden som marint verneområde_utsendingsbrev
- Tilråding - marint vern i Dalsfjorden - Vestland
- Framlegg til verneforskrift for Dalsfjorden marine verneområde
- Framlegg til vernekart for Dalsfjorden marine verneområde
- Framlegg til detaljkart Dalsfjorden marine verneområde
- Høyringsinnspel og referat - samledokument