Restaurering av Rørvikvatnet i Rørvikvatnet naturreservat

Flybilete som syner Rørvikvatnet før og etter restaurering.

I november 2018 starta arbeidet med ei omfattande restaurering av Rørvikvatnet på Vigra i Giske kommune.

Publisert 10.09.2018

Rørvikvatnet naturreservat blei oppretta i 1988. Området vart verna for å ta vare på eit viktig våtmarksområde som har funksjon som ein viktig hekke- og trekklokalitet for våtmarksfugl. Rørvikvatnet er også ein del av eit internasjonalt viktig våtmarksområde, eit Ramsarområde. Det vil seie at det er verna etter ein internasjonal avtale for bevaring og berekraftig bruk av våtmarker. 

Rørvikvatnet er på ingen måte urørt av menneskehand. Her har det mellom anna vore torvuttak, grøfting av myr og det har vore planta leskog beståande av sitkagran, lerk og furu. Alle desse treslaga er framande artar i norsk natur. I tillegg til alt dette var Rørvikvatnet i ferd med å gro fullstendig igjen. 

Som ein stor konsekvens var verneverdiane i Rørvikvatnet i ferd med å forsvinne, og området hadde liten verdi for våtmarksfugl, da fuglane hadde få moglegheiter for hekking og fødesøk. Fleire fugleartar forsvant og noken meinte sogar at ein kunne stryke ut Rørvikvatnet som naturreservat. Området sto også i fare for å bli eksludert som Ramsar-område.

Noko måtte gjerast og vi vurderte at her måtte ein forsøke å restaurere området. Eit hovudmål vart difor definert som:

"å betre kvaliteten på våtmarksområdene med målsetting om å gjenskape dei kvalitetane som var tilstede den gongen fuglelivet var rikare og meir eksklusivt enn i dag."

Vi ønska å tilbakeføre areal med vasspegel og få tilbake tidlegare djupne samt fjerne leplanting rundt vatnet og generelt i naturreservatet. Dette skal bidra til å oppretthalde og ivareta verneverdiane, slik at den pågåande negative utviklinga for biologisk mangfald reverserast.

Konseptskisse og arbeidsinstruks for åpning av vasspegel og plassering av øyer i Rørvikvatnet

Biletet syner prosjektområdet og areal for mudring og fjerning av leplanting. Foto: Miljøvernavdelingen.

Vinteren 2018 starta restaureringsarbeidet opp. Leplantinga rundt delar av vatnet blei hogd og vatnet vart mudra.

Biletet over syner Waterking i aksjon med å mudre ut og lage hekkelokalitet i Rørvikvatnet. Arbeidet med å auke vasspegelen blei utført av Hordalandsselskapet Romarheim AS i samarbeid med Rådgivande Biologar AS. Giske Anlegg AS blei leigd inn som maskinførar. 

imagehl7nn.png

Slik såg det ut før leplantinga vart fjerna. Foto: Miljøvernavdelinga. 

I dette prosjektet har det vore stort fokus på å betre høva for vasstilknytta fugl. Dette har vi gjort mellom anna ved å bruke overskotsmasser til å utvide og lage nye øyer i vatnet som skal fungere som frisonar for hekkande fugl.

Her vart gravd ut mindre dammar for insekt og amfibiar. Til slutt vart det etablert ein dam i utlaupet av vatnet for å heve vasspegelen med ca. 20 cm.

bilde av dam

Dammen som vart etablert i utlaupet av Rørvikvatnet skal hjelpe til å halde vasspegelen åpen. Foto: Miljøvernevdelinga. 

Allereie året etter restaureringsarbeidet var det artig å sjå at det var mykje fugleliv i Rørvikvatnet. I 2019 og 2020 registrerte iTrollheimen fuglelivet og resultata kan du lese om i rapportane som ligg i høgre marg på denne sida. 

Ved å legge inn ein stor innsats i dette området vart Ramsar-statusen oppretthalde noko vi er veldig glade for. 

Biletet over syner Rørvikvatnet i 2015 (venstre) og i 2018 (høgre) etter mudring. I biletet til høgre er vatnet nedtappa. I etterkant vart det etablert ein dam i utløpet slik at vasspegelen blei heva med om lag 20 cm. Foto: Øivind Leren.

Flyfoto 2022.jpg

Flyfoto frå 2022 syner at området har blitt revegetert. Foto: Øivind Leren.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.