Fjellskred

Fjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane i Noreg, seinast i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjorden i 1934. I Møre og Romsdal er tre fjellparti under døgnkontinuerleg overvaking: Mannen i Rauma kommune, Åkneset i Stranda kommune og Hegguraksla i Norddal kommune.

For alle dei overvaka fjellpartia er det etablert beredskapsplanar som skal sikre evakuering før eit fjellskred råkar. Desse beredskapsplanane er testa i to store nasjonale øvingar i 2007 og 2008 og i tillegg då deler av Mannen stod i fare for å rase ut hausten 2014.

Fylkesmannen frå 1.1.2021 Statsforvaltaren, Politiet og kommunane starta i 2014 arbeidet med å revidere beredskapsplanverket for fjellskred i Møre og Romsdal. Revisjonen vert gjennomført i samsvar med rammene som er fastsette i nasjonal beredskapsplan for fjellskred.

Den reviderte planverket vart testa under Øving Åkneset 2016 - ei større samhandlingsøving med fjellskred og flodbølgjescenario.

Faresoner og evakueringssoner er teikna inn i kart på: https://kart.gislink.no/kart/?viewer=kart

For tilgang til karttenesta frå nettbrett og andre enheter kan du nytte denne lenka: https://kart.gislink.no/kart/?viewer=kart

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.