Eksamen og Vurdering

Dato:
3. februar 2016 09:00 - 16:00
Sted:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Oppvekst og utdanning hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Eksamensansvarlege

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til møte om eksamen og vurdering.

Publisert 13.10.2015 av Administrator

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

Tid: 3. februar 2016, Registrering frå 09:30, møte 10:00-15:30

Målgruppe: Eksamensansvarlege på kommunenivå, eksamensansvarlege på skular som skal ha grunnskuleeksamen, eksamensansvarlege på vaksenopplæringssentra som skal ha grunnskuleeksamen.

Program: Detaljert program vil bli sendt ut over nyttår.  I tillegg vil vi legge ut programmet på denne nettsida.

Tema for møtet:

  • Nytt om eksamen og vurering 2016 ved Utdanningsdirektoratet
  • Opplæring i ny eksamensteneste (PAS2)
  • Korttema:  Klage på standpunkt, Statistikkportalen
  • Særskilt om eksamen i matematikk 2015 ved oppmann i matematikk

Anna:  Ta gjerne med eigen PC.

Fylkesmannen vil gjere merksam på at det i år er særs viktig at både den ansvarlege for gjennomføringa av eksamen på kommunenivå og på alle skular som skal arrangere grunnskuleeksamen stiller på dette møtet då det vil bli gitt opplæring i den heilt nye eksamenstenesta /systemet for eksamensadministrasjon. Frå januar 2016 vert «nye» PAS tatt i bruk;  alt arbeid knytt til m.a. påmelding av elevar, forslag til fagpersonar og gjennomføring av eksamen 2016 skal gjerast i det nye systemet.

Kva må eksamensansvarleg på kommunenivå og på skulenivå gjere før påmeldinga til eksamen opnar 11. januar 2016?
Vi vil be om at alle som har / skal ha administratorroller i høve eksamen, både på kommune- og skulenivå, før nyttår loggar seg inn i «gamle» PAS slik at brukarrollene dykkar automatisk blir overført til «nye» PAS (eksamensadministrasjon) når den tekniske overgangen og overføring til nytt system vert gjort. Dei som har vore pålogga i «gamle» PAS i 2015 treng ikkje gjere dette. Dersom de på kommunenivå har problem med å logge inn i (gamle) PAS har Fylkesmannen brukarstøtte. Det er viktig å merke seg at brukarstøtte til det nye systemet skal følgje tenesteveg. Dette vil seie at kommunane er ansvarleg for brukarstøtte til sine skular, inkludert privatskulane. Fylkesmannen har brukarstøtte for kommunenivå.

Endeleg frist for registrering av eksamenstrekk, påmelding av kandidatar og forslag til fagpersonar til sensur er 1. mars.

Det er elles å nemne at dei ulike skuleadministrative systema arbeider med løysingar for overføring av elevar.

Kvar finn de meir informasjon om «nye» PAS?
På Utdanningsdirektoratet sine sider som omhandlar eksamen grunnskule er det enno ikkje lagt ut oppdatert informasjon om m.a. påmelding av kandidatar i det nye systemet. Denne informasjonen kjem. Medan ein ventar på dette kan ein gå inn på UDIR sine sider som gjeld eksamen vidaregåande, der ein finn informasjon og filmar som omhandlar den nye eksamenstenesta som for vidaregåande vart tatt i bruk for hausteksamen 2015. 

Utdanningsdirektoratets blogg #eksamen finn de også god informasjon om den nye tenesta, m.a. om utviklinga av systemet, om å foreslå fagpersonar og om kandidatpåmelding.  Sjølv om noko av dette vart publisert i høve hausteksamen i vidaregåande, vil denne også i høg grad gjelde grunnskuleeksamen. Påmelding til nyheitsoppdateringar som gjeld #eksamen finn de HER.

Økonomi:  Det er inga kursavgift.  Dagpakken kr 470,- inkludert lunsj, gjer den enkelte deltakar opp med hotellet.  Skal det sendes faktura, må deltakar gjere avtale med hotellet på førehand.

Påmelding:  Det er bindande påmelding innen fristen 20. januar 2016.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål om påmeldinga kan rettast til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting på din epost når påmeldinga er sendt.  Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di.