KOSTRA-tal som SSB nylig presenterte, viser at Møre og Romsdal har hatt ein gledeleg nedgang i tap av matjord, frå 403 daa i 2015 til 253 daa i 2016. Dette er ikkje langt unna jordvernmålet på 200 daa som fylkestinget har vedteke gjennom Landbruksmeldinga for Møre og Romsdal 2017-2021.
02.07.2017
Hareid, Kristiansund, Rauma, Sandøy, Sykkylven og Ørskog, er meldt ut av ROBEK etter at alle kommunane har dekt inn underskota frå tidlegare år i sin heilskap.
29.06.2017
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Lars Andreas Lunde stod for den offisielle åpninga av fiskesperra i Driva mandag 26. juni. Det var Miljødirektoratet som inviterte til markeringa av Norges største fysiske fiskesperre.
27.06.2017
Landbruksmeldinga er retningsgjevande for utviklinga av landbruket på regionalt nivå, og skal bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket. Meldinga dekkjer breidda i landbruksnæringa, med ambisjonar og tiltak for kvart innsatsområde. Den overordna målsetjinga er at Møre og Romsdal skal ha eit berekraftig og aktivt landbruk over heile fylket.
26.06.2017
Fylkesmannen tilrår vern av Åfarhaugen naturreservat, Durmålhaugen naturreservat og utviding av Hisdalen naturreservat. Områda ligg i Sunndal og Tingvoll kommunar, og vil medføre ca. 3.500 daa nytt verna areal.
23.06.2017
Stortinget fatta den 8. juni 2017, vedtak om endringar i kommunestrukturen - Prop. 96 S (2016-2017), Innst. 386 S (2016-2017).
14.06.2017
Fleire kommunar har meldt frå om overvintringsskader på eng i år. Det er mest i indre og høgareliggande område vi har fått melding om skade, og skaden viser seg som uttynning i enga eller at enga flekkvis har gått heilt ut.
07.06.2017
Fylkesmannen er godt nøgd med at Giske kommune har teke nasjonale retningsliner og oppgåva som den viktigaste jordvernmyndigheita på alvor. Dette synes gjennom utarbeiding av kjerneområde landbruk og etablering av omsynssone landbruk i plankartet, og at kommunen i stor grad har halde seg til utviding av eksisterande bustadområde. Likevel finn Fylkesmannen grunn til å fremje 6 motsegner på vegne av landbruksinteressene.
01.06.2017
Med bakgrunn i den negative utviklinga for sjøaure og laks i Møre og Romsdal har Fylkesmannen kome med endring av forskrifter knytt til fiske i sjø.
12.05.2017
Det nyttar å arbeide med utbetring av flaskehalsar i tømmertrransporten. Eit prosjekt med fokus på flaskehalsar i vegnettet har ført til oppgradering av mange strekningar, men mykje står att. Oppgraderingane fører til meir effektiv tømmertransport, med færre turar.