Her får kommunane førsteklasses hjelp til arbeidet med å halde oversikt over omdisponering av landbruksareal. Bruk hjelpemiddelet etter kvart gjennom heile året, så vil oppsummeringa ved slutten av året og rapporteringa til KOSTRA bli ein leik.
05.01.2017
5. desember var verdens jordverndag, og Fylkesmannen markerte dette med deltaking på «Jordverndag på Tingvoll»
28.12.2016
Landbruksdirektoratet skreiv ein kronikk om jordvern, som vart publisert i Adressavisen onsdag 14. desember. Eit av hovudpoenga er at 8. desember 2015 vedtok Stortinget samrøystes at jordvernmålet skulle betydelig styrkast i Noreg.
Fylkesmannen er ute med sitt tredje nyhendebrev på Landbruks- og matdepartementet si nettside. Brevet inneheld både nyhende og satsingar.
21.12.2016
I løpet av 2016 blir det busett nærare 900 personar i kommunane i Møre og Romsdal med bakgrunn som flyktning. Alle kommunane har svart ja på anmodinga om å busette flyktningar og asylsøkjarar. Fylkesmannen inviterte torsdag 8 .desember 2016 til fagdag med tema "Landbruksnæringa som integreringsarena".
12.12.2016
Regjeringa har i Statsråd 25.11.2016 utvida Prestaksla naturreservat med ca. 480 daa. «Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i skogsnaturen vår», seier seniorrådgjevar Ola Betten hos Fylkesmannen.
25.11.2016
18 aktørar frå fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland vert å finne på ei av verdas største matmesser, Internationale Grüne Woche, i Berlin 20-29.januar.
17.11.2016
Blåshimmelosten Kraftkar frå Tingvollost vart nyleg kåra til den beste osten på planeten etter ein overraskande og kjenslelada finale i 29. World Cheese Awards, i Basque Country city i San Sebastian. Kåringa skjedde i konkurranse med eit stort tal ostar frå heile verda.
16.11.2016
Ajourhald av kartdata var kanskje det viktigaste temaet, då alle kommunane i fylket 14. og 15.11. 2016 var samla til seminar om forvaltning av tilskot i landbruket.
15.11.2016
Foreløpig fellesnemnd med varamedlemmar i Nye Fræna og Eide kommune hadde i går besøk av Fylkesmannen og KS.
09.11.2016