Jordbruksforvaltning

Oppdatert 04.01.2024

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 18.03.2021

Jordbruksareal som vart bygd ned i 2020

Tala viser at Vestfold og Telemark bygde ned om lag 270 daa dyrka jord i 2020. Ser ein dette saman med den dyrkbare jorda, areal som er eigna til oppdyrking i framtida, ser ein at det totalt vert omdisponert 400 daa dyrka og dyrkbar jord i fylket i 2020. Trenden er stabil, men tala uroar likevel innanfor fleire av kommunane.


Publisert 12.03.2021

Endringar i fagsystemet Agros

Vedlagt følgjer ei oppdatering om endringar i søknads- og saksbehandlarsystemet Agros og informasjon om dei nye brukarrettleiingane:


Publisert 10.03.2021

Fagsystemet eStil-RMP er tilgjengeleg igjen

Melding frå Landbruksdirektoratet: "Nå er vi ferdig med å forberede hoved utbetalingen og eStil er i normal drift. Utbetalingene skal være på kontoen til kundene 12.03.2021"


Publisert 09.03.2021

Nye representantar for kommunane i arbeidsgruppa for RMP

Det har meldt seg fem kandidatar til å representera kommunane i arbeidsgruppa for RMP (regionalt miljøprogram). 


Publisert 05.03.2021

Jordvernpris 2021

Vi ber om forslag til kandidatar frå Vestfold og Telemark til nasjonal jordvernpris for 2021. Frist er 25. mars.


Publisert 04.03.2021, Sist endret 05.03.2021

Vannforvaltningsplan for Vestfold og Telemark 2022-2027 – høyring

Utkast til nye plandokument er lagt ut til høyring med frist 31. mai 2021. I samband med dette arrangerer Vannregion Vestfold og Telemark møter og webinarar.


Publisert 03.03.2021

Presentasjon kompetansesamling evaluering RMP-tilskot

Presentasjonen er lagt ut under kompetansesamlingar:


Publisert 01.03.2021

Rettleiaren for smittevern for grøntprodusentar er oppdatera

Rettleiaren skal bidra til at arbeidstakarane på gardsbruka held seg friske og at produksjon av mat kan oppretthaldast og skjer på sikker måte.


Publisert 01.03.2021

Hovudutbetaling RMP

I perioden 01.mars - 09. mars blir hovudutbetalinga for RMP gjennomført. Det er ikkje ønskeleg at det skal attesterast fleire søknader i denne perioden, og eStil-RMP vil derfor ikkje vera tilgjengeleg i denne tidsperioden.


Publisert 23.02.2021

Produksjonstilskot 2020 – eStil PT er opna igjen

No er søknadsomgangen 2020 opna att i fagsystemet eStil PT, slik at søknader som er «Under behandling» kan handsamast og kommunane kan handsama klager.