Jordbruksforvaltning

Oppdatert 04.01.2024

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 22.02.2021

Nye rundskriv for produksjonstilskot

I samband med søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket med søknadsfrist 15. mars, er nye rundskriv lagt ut på dei nye nettsidene til Landbruksdirektoratet:


Publisert 16.02.2021

eStil-RMP, 19. februar er frist for endeleg vedtak av søknadene

Fredag 19. februar 2021 er frist for endeleg vedtak og attestering av søknadene hos kommunen. 


Publisert 04.02.2021

Vidare saksbehandling av RMP-søknadene

No har vi saman med faglaga fastsett satsane for 2020. Einaste endring frå dei førebelse satsane er for soner for pollinerande insekt. Satsen blir redusert frå 15 til 13 kr/meter for dette tiltaket. Det er tilstrekkeleg for å komma innanfor fylkesramma på 36 mill. kr og framleis ha noko igjen til klagebehandling.

Kommunen har frist til 19. februar på å attestera søknadene (endeleg vedtak). Innan denne fristen kan saksbehandlar gjenopna og saksbehandle søknadene.


Publisert 01.02.2021

Endringar i tilskot til avløysing ved sjukdom

Endringa gjeld berre jordbrukarar som har kronisk sjuke barn. Dei kan no få tilskot for inntil 30 dagar pr år (auka frå 20 dagar) for kvar av foreldra, eller inntil 60 dagar for einslege foreldre. Endringa gjeld avløysing frå 1. januar 2021.


Publisert 29.01.2021

Produksjonstilskot – sjekkliste før attestering av vedtak

Ein del av kommunane har allereie attestert sine vedtak om produksjonstilskot for 2020. Statsforvaltaren oppmodar likevel alle kommunar til å ta ein ekstra sjekk før vedtak vert fatta ved attestasjon. Vi har oppdatert sjekklista som ligg til høgre på denne side. 


Publisert 29.01.2021

Nye nettsider - WebSkas - rettleiing

Landbruksdirektoratet har laga ei kort rettleiing som viser korleis skogeigar kan komma til for å logga inn på skogfondskontoen frå dei nye nettsidene, den følgjer vedlagt.


Publisert 29.01.2021

Nye nettsider - Sjukdomsavløysing

Førre veke vart dei nye nettsidene til Landbruksdirektoratet lansert. Dei er bygd opp ganske annleis enn dei gamle nettsidene. Landbruksdirektoratet har gitt oss ei oversikt over dei viktigaste endringane:


Publisert 29.01.2021

Nye nettsider - SMIL, Utvalde kulturlandskap og verdsarvordninga

Dei nye nettsidene er utvikla med utgangspunkt i behovet til brukarane og tilfredsstiller statlege krav til universell utforming. Ein av fleire viktige betringar, er at forvaltninga får sin eigen «inngang» til nettsidene.


Publisert 27.01.2021

Viktige RMP-fristar for kommunane

  • Godkjenne/avvisa/avslå: 29. januar
  • Statsforvaltaren låser satsane: 5. februar 
  • Attestering: 19. februar 
  • Endring av kontonummer i LREG-tenester: 25. februar 

Publisert 27.01.2021

Produksjonstilskot – viktig melding om § 4 i forskrifta

Landbruks- og matdepartementet har informert om at det er sett i gang eit arbeid me då revidere § 4 tredje og fjerde ledd i forskrift om produksjons- og avløysartilskot. I påvente av at dette arbeidet vert ferdig, ber departementet landbruksforvaltinga om å avvente praktisering av § 4 tredje ledd og fjerde ledd. Landbruksdirektoratet presiserer at dette òg gjeld for søknadsåret 2020.