Høyring av oppretting av nye naturreservat i Ålesund kommune

Høyringsfrist:
25. mai 2022 23:59
Gul pærelav (Pyrenula occidentalis) i rik boreonemoral regnskog. Foto: John Bjarne Jordal.

Statsforvaltaren foreslår vern av tre verdifulle skogsområde som naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Områda har komme inn som tilbod gjennom ordninga frivillig skogvern.

Publisert 28.03.2022

Oppretting av verneområde er føreslått ved følgande område;

  • Skylegga naturreservat, Brusdalen(382 daa)
  • Akslanakken naturreservat, Magerholm (410 daa)
  • Utviding av Ørnakken naturreservat, Brusdalsvatnet (752 daa)

Områda føreslått for vern er dominert av kystfuruskog med lågurtfuruskog og boreonemoral regnskog. Dette er svært artsrike skogar med høgt naturmangfald knytt til kryptogamar og gammal skog. Eit områdevern her vil vere svært positivt både for å betre representativitet av naturen i norske verneområder og for å sikre leveområde for trua natur.

Formålet med auka skogvern er både å ta vare på eit representativt utval av norsk natur, og samstundes å ta vare på trua natur. Nær halvparten av alle trua artar lever i skogen. Stortinget har difor vedtatt at 10% av biologisk viktig skog skal vernast.

Statsforvaltaren har også vurdert desse områda med tanke på skogdriftas bidrag til det grøne skiftet. Ut i frå topografi, vegdekning og naturverdi har areala liten betydning for skogbruk. Det er ei utfordring med planta gran innafor to av verneområda. Dette kan bli aktuelt å ta ut etter eit vern.

Vern som naturreservat medfører restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan føre til endringar av naturmiljøet er forbode. Vanleg friluftsliv og jakt og fiske kan halde fram som før. Det er laga utkast til verneforskrift for kvart av områda som vil regulere inngrep og aktivitetar.

Eventuelle innspel og synspunkt på verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 25.05.2022.