Bruk av tre

Romsdal Videregående skole i Molde er bygd i tre.
Romsdal Videregående skole i Molde er bygd i tre. Foto: Espen A. Istad // STUDIO ISTAD.

Statsforvaltaren skal bidra til auka bruk av tre som bygningsmaterial. Oppdraget har vi fått frå Landbruks- og matdepartementet.

Tre er fornybart, miljøvennleg og framtidsretta. Som byggematerial er tre allsidig og raskt å bygge med. Dessutan er trematerial konkurransedyktige både økonomisk, miljømessig og i mange tilfelle også teknisk.

Prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal skal bidra til å auke bruken og kompetansen om tre som bygningsmateriale. Tredrivaren skal også bidra til auka verdiskaping hos trebasert industri. 

Prosjektet er oppretta av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i eit samarbeid med Innovasjon Norge, Fylkeskommunen i Møre og Romsdal, Arkitektforeininga, Skognæringsforum og Trefokus.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.05.2016

Stort potensiale for tre som bygningsmateriell

Tre har lange tradisjonar som byggemateriale og har dei seinare åra også blitt meir aktuelt til konstruksjonar i større og meir komplekse bygg.