Jordvern og landbrukseigedom

God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Som fagmynde innanfor landbruk skal statsforvaltaren sørge for at jordvern og landbrukseigedom blir ivareteke i kommunal arealforvaltning.

Statsforvaltaren skal også sikre at kommunale vedtak er i samsvar med gjeldande lovverk, både som klageinstans og overordna organ.

Kommunane tek avgjerder for korleis areala skal brukast innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunane fattar vedtak, som etter statsforvaltaren sitt syn går utanfor desse rammene, har Statsforvaltaren myndigheit til klage på dispensasjonsvedtak, fremje motsegn til kommuneplanar og reguleringsplanar, og omgjere vedtak etter jordlova og konsesjonslova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.05.2020

Motsegn til forslag om omdisponering frå LNF til bustadområde i Skodje sentrum ikkje tatt til følgje av Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD)

Etter at meklinga om delområde B7 og GF3 i arealdelen til tidlegare Skodje kommune ikkje førte fram, vert saka i 2019 sendt til KMD for endeleg avgjerd. Områda omfattar 38 daa dyrka mark, og departementet meiner at fordelane med sentrumsutvikling og ei utbygging her er større enn ulempa ved å bygge ned matjorda. Departementet godkjente kommunen sine planar 8. mai 2020.


Publisert 07.05.2020

Jordsmonnkartlegging i Møre og Romsdal

Resultata frå jordsmonnkartlegginga i Surnadal i 2019 er no publisert på Kilden. Kartlegginga av fulldyrka og overflatedyrka areal i Surnadal er gjort i 2018 og 2019, saman med Sunndal som vart kartlagt i 2017 er dette dei kommunane i Møre og Romsdal som har nærmast heile sitt dyrka areal kartlagt.


Publisert 02.10.2019

Jordvernmålet nådd for fyrste gong i Møre og Romsdal

For første gong har Møre og Romsdal i 2018 nådd sitt regionale jordvernmål på omdisponering av mindre enn 200 dekar dyrka mark. Etter nokre år med mykje nedbygging, så ble det i 2018 vedtatt nedbygging av 183 dekar dyrka mark. No må målet vere å halde omdisponeringa av matjord på eit lavt nivå også i dei komande åra.


Publisert 29.03.2019

Sunndal kommune - kandidat til nasjonal jordvernpris

Eitt av tiltaka i nasjonal jordvernstrategi var å etablere ein nasjonal jordvernpris, noko som skal bidra til å auka merksemda om jordvern. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet til å føreslå kandidatar frå Møre og Romsdal. Etter ei samla vurdering har Fylkesmannen føreslått Sunndal kommune som fylkets kandidat.


Publisert 26.01.2019

Håndbok «Jordmassar – frå problem til ressurs. Ta vare på matjorda»

Ny handbok skal bidra til at matjorda blir tatt vare på i tilfelle areal blir omdisponert til andre føremål enn jordbruk. På den måten kan jordressursen oppretthaldast, slik at den kan brukast til matproduksjon i framtida også.


Publisert 18.01.2019

Oppdatert verktøy for å rekne ut omdisponert jordbruksareal

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet oppdatert eit nyttig verktøy for kommunane, for å rekne ut omdisponert jordbruksareal, den såkalla KOSTRA-applikasjonen. Den nye versjonen av dette verktøyet kan for første gong brukast i 2019 og skal gje ein enklare og sikrare måte å rapportere på.


Publisert 18.01.2019

Medhald i 2 klagesaker – jordvern

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhald i 2 klagesaker, ei i Ørsta og ei i Skodje kommune. Begge sakene handlar om bygging av hus nr. 2 på landbrukseigedom. Sakene har viktige, prinsipielle moment, som kommunane i Møre og Romsdal bør leggje til grunn i si handsaming i både dispensasjonsvurdering og vedtak i liknande saker.


Publisert 17.01.2019

Mykje matjord i fare for nedbygging i Møre og Romsdal

Det er stor aktivitet i arealplanlegginga rundt om i Møre og Romsdal, og ein del planlagte tiltak byr på interessekonflikter mellom bruk og vern. Fylkesmannen har myndigheit til å fremje motsegn til planer som bryt med viktige nasjonale interesser, blant anna bevaring av matjord. Her kjem ei oversikt over 6 kommuneplanar og vår landbruksfaglege vurdering av desse.


Publisert 05.10.2018

Presisering av jordvernet sin betydning og Fylkesmannen si rolle i plansaker

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud sendte 1. oktober 2018 ut brev til alle fylkesmenn med presisering av jordvernet si betydning og korleis Fylkesmannen skal vurdere jordvernet i kommunale plansaker. Brevet er eit ledd i oppfølging av regjeringa si jordvernstrategi, og må sjåast i samanheng med den oppdaterte strategien, som blir lagt fram i høve statsbudsjettet.


Publisert 20.06.2018

Utviding av Grilstad As sine produksjonslokaler – trekking av motsegn

I høve utviding av Grilstad As sine produksjonslokaler i Stranda kommune vert ca. 7 daa fulldyrka mark omdisponert til næringsføremål. Fylkesmannen er av den oppfatning at når næringsaktøren først har etablert seg, må dei også kunne ha rom for utviding. Diverre går det denne gang på bekostning av god matjord, ettersom det ikkje var reelle alternativ.