Jordvern og landbrukseigedom

God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Som fagmynde innanfor landbruk skal statsforvaltaren sørge for at jordvern og landbrukseigedom blir ivareteke i kommunal arealforvaltning.

Statsforvaltaren skal også sikre at kommunale vedtak er i samsvar med gjeldande lovverk, både som klageinstans og overordna organ.

Kommunane tek avgjerder for korleis areala skal brukast innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunane fattar vedtak, som etter statsforvaltaren sitt syn går utanfor desse rammene, har Statsforvaltaren myndigheit til klage på dispensasjonsvedtak, fremje motsegn til kommuneplanar og reguleringsplanar, og omgjere vedtak etter jordlova og konsesjonslova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 15.06.2016

God kommuneplan for jordvernet i Averøy

Averøy kommune har hatt sin kommuneplan med arealdel ute på offentleg høyring. Fylkesmannen har verken motsegn eller faglege råd på vegne av landbruksinteressene, og vil gi ros til kommunen for å ha teke nasjonale føringar om eit sterkare jordvern på alvor.


Publisert 15.06.2016

Fylkesmannen trekkjer motsegn

Fylkesmannen hadde motsegn til Ålesund kommuneplan sin arealdel, der kommunen ville omdisponere ei dyrka mark på 14 daa til idrettsbane. Nytt forslag frå kommunen gjer at Fylkesmannen trekkjer motsegna.


Publisert 24.05.2016

Fylkesmannen fekk medhald i to klager - landbruk

Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har oppheva og avslått to dispensasjonssaker, høvesvis frå Giske og Eide kommunar, der Fylkesmannen si landbruksavdeling hadde klaga på kommunane sine vedtak. 


Publisert 03.05.2016

Jordvern - ei nasjonal interesse i arealplanlegginga

Kommunane og fylkeskommunane har ei viktig rolle i å følgje opp nasjonale jordvernmål gjennom lokal og regional arealplanlegging. Fylkesmannen si rolle er å bidra med rettleiing og formidling av statlege interesser tidleg i denne planlegginga. 


Publisert 18.04.2016

Gjorde om kommunen sitt vedtak

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag gjorde om eit vedtak i Molde kommune om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel, fordi vedtaket var ugyldig.


Publisert 14.04.2016

Motsegn på vegne av landbruksinteressene

Fylkesmannens landbruksavdeling har på vegne av landbruksinteressene  fremja motsegn på 8 punkt mot arealdelen av Aure kommune sin kommuneplan 2014-2026. Motsegna gjeld eitt bustadfelt, 5 område for fritidsbustader, eitt naustområde og ein campingplass. Fylkesmannen rår til at det vert sett ei gjennomgåande byggjegrense på 30 meter mellom fritidsbustad og dyrka mark, for å forhindre drifts- og miljømessige ulemper


Publisert 24.02.2016

Jordvern Møre og Romsdal

Møre og Romsdal har fått sin første Jordvernforening, då denne vart skipa under stiftingsmøte på Gjermundnes 15. februar 2016. Målet er å samle ei brei forståing og støtte for eit sterkt jordvern i Møre og Romsdal.


Publisert 18.02.2016

Nasjonal jordvernstrategi vedteken av Stortinget

Stortinget vedtok 8. desember 2015 samrøystes eit strengare vern av matjord, og skjerpar
målet for årleg omdisponering av dyrka mark frå maksimalt 6000 daa til 4000 daa.
Målsettinga skal skje gradvis, og omdisponeringsmålet skal vere nådd innan 2020.


Publisert 17.02.2016

2014; eit svakt år for jordvernet i Møre og Romsdal

KOSTRA-tal for 2014 viser at det vart omdisponert 783 dekar dyrka og dyrkbar jord, til anna enn landbruk. Dette er fordelt på 463 dekar dyrka og 320 dekar dyrkbar jord, ei auke frå 2013 som var på totalt 688 dekar og 334 dekar dyrka og 354 dekar dyrkbar jord.