Kunngjeringar

Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 21.06.2021

Arctic Bioscience AS får løyve til utfylling i sjø

Løyvet omfattar utfylling over eit areal på om lag 2 800 m2 ved gnr. 52 bnr. 2 i Ørsta kommune.


Publisert 17.06.2021

Endra løyve til mottak og mellomlagring av ordinært avfall og farleg avfall - Miljøkvalitet AS

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endrar Miljøkvalitet AS sitt løyve til mottak og mellomlagring av ordinært avfall og farleg avfall.


Publisert 16.06.2021

Ocean Cleaner AS får løyve til mudring ved Frei

Løyvet gjeld mudring over eit mindre område ved Bogabukta for å teste nytt mudringsutstyr.


Publisert 15.06.2021

Mellombels utsleppsløyve til Lerøy Midt AS på Kjerstad i Ålesund kommune

Statsforvaltaren har etter søknad gitt auka utsleppsløyve til oppdrett av laksefisk på lokalitet Kjerstad i Ålesund kommune.


Publisert 01.06.2021

Løyve til Myrbostad Bygg & Anlegg AS

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev løyve til mottak, mellomlagring og knusing av brukt asfalt og brukt betong til Myrbostad Bygg & Anlegg AS.


Publisert 01.06.2021

Endra løyve for Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS

Reinhaldsverket får endra løyve til mottak, sortering og mellomlagring av ordinært avfall og kompostering av hageavfall i Ørsta kommune.


Publisert 25.05.2021

Løyve til mudring i to verneområde i Trøndelag

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev Statsforvalteren i Trøndelag løyve til mudring i verneområda Lyngås-Lysgård og Eidsvatnet. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er oppnemnd som settestatsforvaltar av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i dei aktuelle sakene.


Publisert 25.05.2021

Giske kommune får løyve til mindre mudringstiltak

Tiltaka omfattar mudring av om lag 20-30 m3 massar ved Gjerdehamna på øya Giske og 40-50 m3 massar ved Valkve på Godøya i tilknyting til utskifting av vassleidning.


Publisert 19.05.2021

Løyve til utfylling ved Veblungsnes i Rauma

Rauma Ullvarefabrikk AS får løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen gnr. 2 bnr. 6.


Publisert 12.05.2021

Nytt utsleppsløyve til Statt Torsk AS på Strandabø i Vanylven kommune

Statsforvaltaren har etter søknad gitt utsleppsløyve til oppdrett av torsk på lokaltiet Strandabø i Vanylven kommune.