Kunngjeringar

Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 26.02.2021

Løyve til tiltak i sjø ved Goma, Kristiansund

Kristiansund kommune får løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i sjø ved eigedomen 8/104 i tilknyting til bygging av ny brannstasjon.


Publisert 22.02.2021

Løyve til utfylling ved Flusund

Hans Remøy får løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr. 27 bnr. 2 i Herøy kommune.


Publisert 18.02.2021

Endra løyve for Salmar Farming AS på Storskjæret i Aure kommune

Statsforvaltaren har etter søknad endra løyvet til Salmar Farming AS på lokalitet 31338 Storskjeret i Aure kommune.


Publisert 27.01.2021

Green Yard Kleven AS har overtatt løyvet til behandling av vaskevatn frå Kleven Verft AS

Kleven Verft AS fekk i 2016 løyve til behandling av vaskevatn frå nye skip. Dette løyvet er no overført til dei nye drivarane av anlegget, Green Yard Kleven AS.


Publisert 27.01.2021

Green Yard Kleven AS får løyve til resirkulering av skip

Verksemda får løyve til å gjenvinne inntil 30.000 tonn skip årleg på verftsområdet i Ulstein kommune.


Publisert 05.01.2021

Sibelco Nordic får løyve til tiltak i sjø ved Åheim

Verksemda får løyve til å sprenge og mudre vekk om lag 6 300 m3 massar på sjøbotnen ved kaia ved anlegget sitt i Vanylven kommune.


Publisert 30.11.2020

Endra løyve for Salmon Evolution AS

Fylkesmannen har etter søknad endra løyvet til Salmon Evolution til tunnelarbeid. Løyvet omfattar no nytting av tunnelmassar til avretting på tunnelbotnen.


Publisert 09.11.2020

Salmon Evolution AS får mellombels løyve til utslepp

Løyvet gjeld utslepp i anleggsfasen i tilknyting til arbeid med utsleppstunnel på Indre Harøy, Hustadvika kommune.


Publisert 26.10.2020

Hofseth Aqua AS får endring av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 23.10.2020 endra Hofseth Aqua AS sitt løyve etter forureiningslova.


Publisert 20.10.2020

Løyve til utfylling i sjø ved Lepsøya

Møre og Romsdal fylkeskommune får løyve etter forureiningslova til utfylling mellom Lepsøya og Lausundholmen i Ålesund kommune.