Kunngjeringar

Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 02.07.2020

Hofseth Aqua AS får endring av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 02.07.2020 endra mellombels løyve etter forureiningslova til Hofseth Aqua AS.


Publisert 29.06.2020

Løyve til utfylling i sjø ved Port Arthur, Kristiansund

KBBL Mino AS får løyve etter forureiningslova til å fylle ut med om lag 3 500 m3 massar over eit areal på om lag 1 000 m2 på Innlandet i tilknyting til etablering av bygg og kaianlegg.


Publisert 24.06.2020

Hofseth Aqua AS får løyve til oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 18.06.2020 gitt løyve etter forureiningslova til Hofseth Aqua AS.


Publisert 05.06.2020

Løyve til utfylling ved Ulstein Betongindustri AS

Verksemda får løyve til å fylle ut i sjø ved anlegget sitt nær Haddal i Ulstein kommune.


Publisert 04.06.2020

Løyve til tiltak i sjø ved Mowi sitt anlegg ved Nordheim

Mowi ASA får løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling for å betre og utvide kaia si ved Nordheim i Aure kommune.


Publisert 02.06.2020

Løyve til utfylling ved Sjøfronten 2 i Molde

Molde kommune får løyve etter forureiningslova til utfylling for å etablere erosjonssikring ved Sjøfronten 2, gnr. 24 bnr. 933.


Publisert 29.05.2020

Kystverket får løyve til tiltak i Hjertøysundet

Løyvet omfatter mudring og sprenging i Hjertøysundet og utfylling ved Reknesmoloen og Moldegård i Molde med massane frå sundet.


Publisert 29.05.2020

Vegvesenet får løyve til tiltak ved Solavågen

I tilknyting til bygging av ny ferjekai skal det fyllast ut med om lag 12 560 m3 massar og plastrast med ytterlegare 6 160 m3.


Publisert 19.05.2020

Løyve til Mork Rensefisk AS for landbasert oppdrettsanlegg Mork II

Fylkesmannen i Møre og Romsdal ga den 15.05.2020 løyve etter forureiningslova til Mork Rensefisk AS til landbasert oppdrettsanlegg for berggylt (Labrus bergylta) på lokaliteten Mork II.


Publisert 08.05.2020

Løyve til nyttiggjering av brukt betong i utfylling i Ålesund

Fylkesmannen har 06.05.2020 gitt Sunnmøre Transport AS løyve etter forureiningslova til å nytte betongavfall som er plassert i ei utfylling i sjø i Ålesund kommune.