Tilskot rus og psykisk helsearbeid
Helsedirektoratet kunngjør nå tilskotsordninga «Kommunalt rusarbeid» og «Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester og barn og unge med samansette hjelpebehov» over statsbudsjettet for 2016. Fylkesmannen forvaltar begge tilskota.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.11.2015
Søknadsfrist for begge ordningane er 1. februar 2016. Meir om tilskotsordningane kan du lese på Helsedirektoratet si nettside under "Lenkjer".
Nytt i 2016 er at det er eige skjema for rapportering, sjå "Dokument". Send både søknadsskjema og rapporteringsskjema med e-post til: fmropost@fylkesmannen.no innan 1. februar 2016. Fristen for økonomirapportering er ikkje endra.