Nye næringar på garden
Betre økonomi i jordbruket vårt
Tal frå NILF viser ein auke i jordbruksinntekta på gardsbruk i Rogaland og Agder frå 2011 til 2012.
Publisert 05.03.2014
Bøndene i Rogaland investerer
Alle dei bedriftsretta BU-midlane blei brukt opp i 2013 og storparten av midlane har gått til 36 nye storfefjøs og 27 sauehus. Dette er vonleg eit godt teikn på at bøndene i fylket også vil investere i åra som kjem.
Publisert 27.02.2014
Stor interesse for bygging av nye kufjøs
Er det mogleg å bygge nytt kufjøs for mjølkeproduksjon til ein kostnad på maksimum 100 000 kr per båsplass og som i hovudsak er tilpassa garden sitt ressursgrunnlag? Svaret er ja. Mange bønder har møtt opp på møte der dette er tema.
Publisert 17.02.2014
Nytt etablerarkurs i Ryfylke
Torsdag 20. februar kl 18:00-20:00 på Strand VGS blir det heldt eit informasjonmøte om etablerarkurs i Ytre Ryfylke. Etablerarkurs er for dei som har starta, eller ønskjer å starte eigen bedrift.
Publisert 21.01.2014
Temamøte om økonomi i storfeproduksjon
Storfeprodusentar ønskjer meir kunnskap om økonomi og rasjonell drift, og det er grunnen til at dei no blir invitert på møtet om økonomi på Landbrukssenteret på Helleland 5. februar kl 19 – 21.
Publisert 08.01.2014
Kva er ein god 4H- klubbrådgjevar?
Denne helga, 3.-5. januar var over 70 klubbrådgjevarar frå heile fylket samla til inspirasjon, debatt og ny kunnskap.
Publisert 03.01.2014
Matauk på Matsmiå 2014
Velkomen til spennande og lærerike dagar på MatSmiå 19. - 20. februar på Karmsund vgs i Haugesund. Ein arena for inspirasjon, nettverksbygging og kompetanseheving!
Publisert 05.12.2013
Bruk Lysefjorden
Lysefjorden har 500 000 reisande, kva kan distriktet tilby desse? "Bruk naturen og formidle det ekte" sa Bjørn Moe på samlinga om turisme i Lysefjorden tysdag kveld.
Publisert 26.11.2013
Bygg landbruksbygg i tre
Sauebøndene Eli og Helge Nygård i Forsand har bygd nytt sauefjøs i tre for 60-70 sauer. Torsdag 28/11 2013 vert det mogleg å studere fjøset nærare.
Publisert 21.11.2013
Fagleg kompetanse og interesse for storfeproduksjon er viktig for å lykkast
Dei som tener pengar på storfeproduksjon i Rogaland er dei som er dyktige, har faglege ambisjonar og jobbar smart, sa Martin Svebestad frå Klepp Rekneskapslag til over 40 bønder på Ryfylkegarden Holta onsdag kveld.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Regionale kontaktar
Astrid Brommeland
(Suldal)
astrid.brommeland@suldal.kommune.no
Tlf. 52 79 06 19
Mob. 957 48 637