Nye næringar på garden
Drivande, dyktige næringsutøvarar i fokus
Nominasjonsprosessen er i gong for Bygdeutviklingprisen som kan lokke med 50.000 kroner i premie. No treng vi di hjelp til å finne fleire drivande, dyktige næringsutviklarar på bygda!
Publisert 17.06.2013
Kurs i Samfunnsentreprenørskap
Frå september 2013 vil det for første gang i Rogaland bli arrangert kurs i Samfunnsentreprenørskap - lokal samfunnsutvikling. Kurset gir 10 studiepoeng.
Publisert 03.04.2013
Får ikkje plante juletre på matjord på Karmøy
Statens landbruksforvaltning har i brev av 22.03.2013 stadfesta Fylkesmannen sitt overprøvingsvedtak, fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på dyrka jord. Saka gjeld omdisponering av 50 dekar jordbruksareal til juletreproduksjon i Karmøy kommune.
Publisert 03.04.2013
Meir stabil mjølkeproduksjon i distrikta
Tal for mjølkekvotar i Rogaland har dei siste åra har vist ei utvikling med auka mjølkemengde på Jæren, medan mjølkeproduksjonen i distrikta har gått ned. Dei siste tala kan tyde på at mjølkeproduksjonen i distrikta er i ferd med å stabilisere seg.
Publisert 13.03.2013
Ny godkjenningsordning for Inn på tunet, ny logo og ny nasjonal nettstad
Ei godkjenningsordning for Inn på tunet-gardane er no på plass. Det blir viktigare for kommunar og andre å etterspørje kvalitet i tilboda. Det er stiftinga Matmerk som forvaltar godkjenningsordninga, og dei har i tillegg fått ansvaret for å drifte ein ny nasjonal nettstad for Inn på tunet.
Publisert 08.03.2013
Prioritering av bygdeutviklingstilskot i Rogaland
Tildelingsbrevet for bruk av regionale BU-midlar 2013 er nå sendt til Innovasjon Norge. Brevet gir Innovasjon Norge økonomiske rammer for si forvalting av bedriftsretta BU-midlar. I tillegg inneheld brevet føringar for bruk av BU-midlane og rapporteringskrav.
Publisert 05.03.2013
Heiderspris til Brit Ane og Jarle Haugsland
Rogaland landbruksselskap sin heiderspris er for 2012 er tildelt Brit Ane og Jarle Haugland frå Suldal. Prisen blir delt ut under Landbrukskonferansen i Sandnes 5. mars.
Publisert 27.02.2013
Har vi noko å tilby turistane og/eller fritidsmarknaden i Stavanger?
1.mars 2013 vert det inspirasjonskveld i Jøsenfjorden for å inspirere og skape grobotn for konkrete idear som det skal arbeidast vidare med. Som inspirator kjem Øystein Davidsen som er ein stor fiskeentusiast. Han vil fortelje om trofefiske og seie kva for artar som faktisk finst i Ryfylke.
Publisert 27.02.2013
Spenstig satsing på historisk reiserute
Discovery Route SA blei stifta 21. og 22. februar 2013. Dei åtte bedriftene i selskapet er sterke og gode representantar som vil arbeide heilskapleg med utvikling frå produkt til marknad.
Publisert 27.02.2013
Sats på juletre
Ryfylke treng fleire juletreprodusentar. Tilhøva er særs gode for juletreproduksjon i Rogaland, og etterspurnaden etter juletre er stor. Eit inspirasjonsmøte vert halde på Ryfylkegarden Holta 27.februar 2013.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Regionale kontaktar
Astrid Brommeland
(Suldal)
astrid.brommeland@suldal.kommune.no
Tlf. 52 79 06 19
Mob. 957 48 637