Felles
Aktuelt stoff som går på tvers av fagområdene, slik som kontroll, kompetansesamlinger, landbruksregister, tildeling av midler, brukeradministrasjon, felles informasjon om fagsystemene.
Landbrukseigedom i dødsbu
Ny arvelov trådde i kraft 1.1.2021. Når § 99 a trer i kraft, må kommunane mellom anna rekne med å varsle dødsbuet om denne treårsfristen. Kommunen skal då innan eit år varsle dødsbuet om fristen.
Publisert 04.02.2021
Kompetanseplanen våren 2021
Vi er no klare til å legge ut samla kompetanseplan som gjeld for våren 2021 der den kommunale landbruksforvaltinga er målgruppe. Dei aller fleste samlingane skal gjennomførast på teams denne våren.
Publisert 22.01.2021
Tildeling av landbruksrelatera tilskot til kommunane i Vestfold og Telemark 2021
Statsforvaltaren har no tildela kommunane i Vestfold og Telemark fylke dei landbruksrelatera tilskota for 2021 som kommunane skal forvalte. Tildelingane mogleggjer stor aktivitet innan ulike fagfelt det komande året.
Publisert 21.01.2021
Nye heimesider - Landbruksdirektoratet
Fredag 22. januar lanserer Landbruksdirektoratet nye heimesider. Dei er utvikla med utgangspunkt i behovet til brukarane og tilfredsstiller statlege krav til universell utforming. Ein av fleire viktige betringar er at forvaltninga får sin eigen «inngang» til heimesidene.
Publisert 12.01.2021
Kompetansesamlingar våren 2021
Vi har vore gjennom ein aktiv periode i haust med mange fagsamlingar på Teams mynta på den kommunale landbruksforvaltninga. No er vi i gang med planlegging av kompetansesamlingar våren 2021, og vi vil gjerne ha forslag og ønsker frå dykk på tema. Forslag frå vår side er så langt:
Publisert 12.01.2021
Landbruksdirektoratet får nye heimesider fredag 22. januar
Nye heimesider betyr at lenkar de måtte ha til Landbruksdirektoratet må oppdaterast. Strukturen på dei nye heimesidene er ulike frå slik dei er i dag, det kan derfor vera lurt å søka for å finna fram til aktuelt innhald.
Publisert 04.01.2021
Oppdatert e-postliste for landbruksavdelinga
Fylkesmannen har bytt namn til Statsforvaltaren, og vi har fått nye e-postadresser. Vedlagt er ny adresseliste for landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Publisert 17.12.2020, Sist endra 17.12.2020
God jul
Ein siste god jul-helsing frå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. Frå 1. januar 2021 er vårt nye namn Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Publisert 09.12.2020
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har flytta
Ny adresse i Tønsberg er: Grev Wedels gate 1, 3111 Tønsberg.
Ny adresse i Skien er: Gjerpensgate 10, 3716 Skien.
Postadresse og telefon til sentralbord er som tidlegare.
Publisert 04.11.2020
Fristar før jul
ØKS: Siste frist for utbetaling og vedtak om innvilga tilskot er fredag 4. desember.
Siste dag for føring av skogfondssaker i ØKS er torsdag 17. desember.
Agros: Siste frist for utbetaling og vedtak om innvilga tilskot er søndag 13. desember.