Felles
Aktuelt stoff som går på tvers av fagområdene, slik som kontroll, kompetansesamlinger, landbruksregister, tildeling av midler, brukeradministrasjon, felles informasjon om fagsystemene.
Forbruksprognose - svar innan 10. november
I tildelingsbrevet datert 31.01.2020 for ordningar i ØKS og Agros (sjå tabellen under) ber vi om rapportering innan 10. november.
Publisert 26.10.2020
Fylkesmannen skiftar namn til statsforvaltaren
Frå 1. januar 2021 får fylkesmannen den nye kjønnsnøytrale tittelen statsforvaltar.
Publisert 17.09.2020
Klimasamling 14 -15 oktober
Det er framleis mogeleg å melde seg på klimasamling for kommunane i Vestfold og Telemark.
Publisert 15.09.2020
Kompetanseplanen for hausten 2020 er klar
Sjå kompetanseplanen som ligg under «dokumenter» i høgre meny. Vi har satt saman ei rikhaldig liste med ulike kurs og samlingar som skal gjennomførast i løpet av hausten.
Publisert 13.05.2020
Kontrollar skal gjennomførast som planlagt i 2020
Landbruksdirektoratet har bedt fylkesmennene å informere kommunane om at kontrollarbeidet skal prioriterast i tida framover. Direktoratet skriv at det ikkje lenger er grunnlag for at hovudregelen skal vere at det ikkje gjennomførast stadlege kontrollar.
Publisert 27.04.2020
Ny medarbeidar på landbruksavdelinga
Mona Skjæggestad begynte i jobb hos oss 1. april - ein litt spesiell oppstart i desse koronatidene. Mona får ansvar for ordningane «Erstatning avlingssvikt» og «Tilskudd til drenering». I starten vil ho samarbeide tett med Jon Randby om desse oppgåvene.
Publisert 16.04.2020
Kontinuitetsplanlegging er viktig!
Er landbrukskontora rusta for drift og god oppgåveløysing dersom smittesituasjonen varer over lang tid eller mange på kontoret skulle bli sjuke?
Publisert 01.04.2020
Økonomireglementet og unntaksordningar i samband med Covid19
Landbruksdirektoratet har motteke spørsmål frå kommunar med spørsmål om fråvær grunna corona kan gi unnatak frå økonomireglementet og reglane om budsjettdisponeringsstyresmakt.
Publisert 19.03.2020
Fagsystema - hjelp ved krisesituasjon
Nokre landbrukskontor er sårbare ved at dei berre har ein eller få tilsette på landbrukskontoret. Dersom det skulle oppstå ein krisesituasjon er det lurt å ha på plass ein reserve.
Publisert 17.03.2020
Kola Viken 18. - 19. november 2020 i Tønsberg
Kompetansesamlinga for kommunane i Oslo og Viken og Vestfold og Telemark (Kola Viken) er under planlegging. Set av datoane 18. -19. november allereie no. Meir informasjon om program og prisar kjem seinare.