Nye skogområde verna
Regjeringa verna i dag 11. februar 25 skogområde som naturreservat.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
- Skogen speler ei avgjerande rolle for naturmangfaldet i Noreg. I skogen finst 1330 trua artar og 13 trua naturtypar. Vernet vil bidra til å vareta desse artane i framtida, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Samarbeidet mellom skogeigarorganisasjonane og miljøetantane om frivillig vern av privateid skog starta i 2003. Til no er 764 skogområde vorte verna i dette samarbeidet.
Interessa for frivillig vern av privateid skog er stor, og det pågår arbeid med ei rekke nye skogområde med sikte på vern dei næraste åra.
Tre av dei nye verneområda ligg i Vestfold og Telemark, der eit av områda er utviding av eksisterande naturreservat som og går over fylkesgrensa til Agder.
Oversikt over dei nye naturreservata våre:
Navn |
Kommune |
Areal i daa |
Verneverdi |
Barlinddalen |
Midt-Telemark |
848 |
Regionalt verneverdig (**) |
Søndre Gjeskefjell |
Drangedal |
511 | Nasjonal verneverdig (***) |
Solhomfjell og Kvenntjønnane |
Drangedal og Nissedal kommunar og Gjerstad kommune i Agder |
44 868 - 3095 daa er utvidinga |
Nasjonal verneverdig (***) |