Leve heile livet

Oppdatert 02.01.2023

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.

Aldersvenlege samfunn

Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.

Statsforvaltaren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. Statsforvaltaren skal mellom anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Leve heile livet handlar om ei rekkje tiltak, nokre er store og omfattande, andre er mindre grep som likevel kan gjere stor skilnad. Besøk gjerne nettsidene til fleire av statsforvaltarane, for å sjå kva som skjer. 

Vis meir

Leve heile livet som embetsprosjekt hos Statsforvaltaren 2020-2022

Prosjektet skal bidra til at kommunane møter endringane i befolkningssamansetninga på ein måte som gjer at vi kan leve gode liv så lenge som mogleg.

Statsforvaltaren vil bidra til 

  • at kommunane utformar gode, tilpassa tiltak og løysingar for arbeidet i eigne planar 
  • tett og godt samarbeid mellom sektorar i kommunane og hos Statsforvaltaren 
  • aktive og medverkande eldre i kommunane, og gode, tilrettelagte tilbod 
  • godt og systematisk arbeid med kompetanseheving, kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik i kommunane 
  • god dialog og likeverdig samarbeid mellom regionalt støtteapparat i fylket 

Det vert tilbod om støtte og rådgjeving til utvikling, iverksetting og evaluering av lokalt planarbeid og tilrettelegging av nettverk og møteplassar med kommunane, fylkeskommunen og  spesialisthelsetenesta. 

Prosjektgruppa hos Statsforvaltaren består Anne Eli Wangen (helse, oppgåveansvarleg), Janne Weltzien Listhaug (helse), Ragna Flotve (landbruk)Beate Helland (helse) og Siri Erdal (kommune og samfunn). 

I tillegg til det regionale støtteapparatet, har vi også ei koordineringsgruppe der fylkeseldrerådet i Vestland, Senter for omsorgsforsking og Vestland fylkeskommune også er med. 

Eit viktig grep i Leve heile livet-reforma er at kommunane deltek i nettverk for erfaringsdeling og læring. Vi har samla aktuelle nettverk for kommunane under.

Her kan du lese informasjonsbrev med nyhende frå Leve heile livet-arbeidet i Vestland:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 23.10.2020

Tilskot til hospitering mellom spesialisthelsetenesta og kommunale helse- og omsorgstenester

Målet er å utvikle og spreie gode modellar for hospitering av tilsette mellom tenestene, for å sikre god og samanhengande behandling og oppfølging.


Publisert 16.10.2020

Sette fokus på samhandling om aldersvenleg samfunnsplanlegging

For å lykkast med tverrsektorielt arbeid i kommunen, må alle ha ei forståing for og kjenne eigarskap til felles mål. Det er rådet frå folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein.


Publisert 16.10.2020

Gnist som ledd i kompetansebygging for aldersvenleg samfunn

Gnist er eit nytt innovasjonsprogram for kommunar som vil bygge kompetanse og utforske nye samarbeidsmodellar for attraktive, berekraftige og tilpassingsdyktige lokalsamfunn.


Publisert 02.07.2020

Korleis skal vi saman planlegge for framtida?

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-reforma inviterer til fire regionale fagdagar om aldersvenleg samfunnsplanlegging.


Publisert 03.06.2020

Korleis få Leve heile livet inn i samfunnsplanlegginga?

Reforma legg opp til at kommunane set Leve heile livet på dagsorden, analyserer eigne utfordringar og utformar løysingar i planverket. 


Publisert 03.06.2020

Kompetanse- og rekrutteringsplanlegging i kommunane

Mange kommunar i Vestland rapporterer om store rekrutteringsutfordringar på helse- og omsorgsfeltet. Vi oppfordrar kommunane til å inkludere kompetanse- og rekrutteringsplanlegging som ein sentral del av samfunnsplanarbeid.


Publisert 17.04.2020

Rettleiing for Leve heile livet-planlegging

Det er utarbeidd rettleiingsmateriell som skal støtte arbeidet med å realisere Leve heile livet i kommunane.


Publisert 17.12.2019

Leve heile livet - ei samfunnsreform

For å få meir heilskapleg planlegging må ein tenke på Leve heile livet som ei samfunnsreform. Det var klart bodskap frå Leve heile livet-konferansane i Førde og Bergen.  


Publisert 13.11.2019

Korleis skal vi planlegge for eit aldersvenleg samfunn?

Bli med på Leve heile livet-konferansane i Førde 28. november eller Bergen 3. desember! Påmeldingsfristen er 15. november, og Fylkesmannen i Vestland dekker dagpakke for konferansedeltakarane. 


Publisert 25.09.2019

Nytt tilskot skal styrke måltidsopplevinga for eldre

Frå 1. oktober kan kommunar søke om tilskot til lokalkjøken i sjukeheimar og omsorgsbustader.