Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 21.12.2023

Tilsyn med Bergen kommune og tilbodet om avlasting til barn og unge

Statsforvaltaren har gjennom behandling av fleire klagesaker sett at Bergen kommune ikkje organiserer avlastingstilbodet til barn og unge under 18 år i tråd med lovkrava. Vi har difor opna tilsyn.


Publisert 07.12.2023

Kommunane har ansvar for psykososial beredskap og oppfølging

Evakueringa frå Gaza av personar med tilknyting til Noreg, har igjen aktualisert behovet for psykososial beredskap. Vi oppmodar kommunane om å ha merksemd på å tilby psykososial støtte og oppfølging i akutte situasjonar, for å førebygge og avhjelpe allereie oppståtte traume.


Publisert 13.07.2023

Statsforvaltaren fann ikkje lovbrot ved Kvinneklinikken i Helse Bergen

Statsforvaltaren gjennomførte eit planlagt tilsyn med Helse Bergen HF Kvinneklinikken i mai 2023. Vi fann ikkje svikt i styringa med behandlingstilbodet til fødekvinner med langsam framgang.


Publisert 28.06.2023, Sist endra 29.06.2023

Krav om retting og sletting i pasientjournal etter avvikling av praksis eller verksemd

I etterkant av medieoppslag knytt til avvikling av WeCare – avdeling Sotra, har fleire pasientar tatt kontakt med førespurnad om korleis dei skal gå fram ved krav om retting og sletting i pasientjournal.


Publisert 15.06.2023, Sist endra 15.06.2023

Har du behov for helsehjelp når du er på hytta i sommar?

Du har krav på dei helse- og omsorgstenestene du treng i den kommunen du oppheld deg i. Kva type tenester kommunen pliktar å gi, kjem an på hjelpebehovet ditt og lengda på opphaldet.


Publisert 09.06.2023

Helsestasjonar må ha rutinar for å følgje opp barn som ikkje møter

Alle barn og unge har rett på tilbod på helsestasjon og i skulehelsetenesta, og retningslinja er no oppdatert for å fange opp dei som ikkje møter til konsultasjonar.


Publisert 27.04.2023

Små kommunar kan søkje om tilskot til å styrke legevaktsordninga

I Vestland er det 20 kommunar som kan søkje på tilskotet.


Publisert 27.04.2023

Oppfølging av kvalitet og pasientsikkerheit i allmennlegetenesta i kommunane

Kommunane har eit ansvar for å stimulere fastlegekontor til å drive med kvalitetsarbeid. Dei har  også eit ansvar for å delta i gjennomføring av faglege pålegg som helsepersonell kan få frå Statens helsetilsyn og statsforvaltarane. To aktørar kan hjelpe kommunane i dette arbeidet.


Publisert 26.04.2023, Sist endra 26.05.2023

Seminar om seniorpersonell i helsesektoren

Korleis kan satsing på seniorar i helsesektoren kan bli ein del av løysinga på helsepersonellutfordringane, var tema på eit seminar Helsedirektoratet arrangerte 23. mai. Du kan sjå opptak av seminaret. 


Publisert 25.04.2023, Sist endra 25.04.2023

Kampanje om sjølvmordsførebygging

I mai startar folkeopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv» i Vestland og Rogaland. Målet med kampanjen er å seinke terskelen for å søke hjelp, og bidra til å auke kunnskapen om sjølvmord i befolkninga.