Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.05.2021

Kva rolle spelar mat og måltid for eldre?

Om du ikkje fekk med deg fagdagen om mat og måltid og podkastlanseringa 29. april, kan du sjå opptak av heile webinaret her. 


Publisert 07.05.2021

Vil jobbe for eit meir demensvenleg samfunn

Demensplan 2025 er ein femårsplan for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.


Publisert 07.05.2021

Kompetanseløft 2025 skal bidra til fagleg sterke tenester

Kompetanseløft 2025 skal sikre at den kommunale helse- og omsorgstenesta og den fylkeskommunale tannhelsetenesta har tilstrekkeleg og kompetent bemanning.


Publisert 05.05.2021

Konkluderer med uforsvarleg administrering av legemiddel

Ein pasient var utsett for to alvorlege hendingar knytt til administrasjon av legemiddel då ho var innlagt på Haukeland universitetssjukehus. Statsforvaltaren har konkludert med at helsehjelpa ho fekk ikkje var forsvarleg.


Publisert 23.04.2021

Tilsyn med helsetenester i Vestland i 2020

Føremålet med tilsyn er ikkje å straffe eller pålegge skuld, men å bidra til trygge og forsvarlege tenester som folk kan ha tillit til. Helsetenestene og helsepersonell er ansvarlege for å innretta praksis i samsvar med helselovgjevinga. Dei har òg plikt til å følgje opp alvorlege hendingar.


Publisert 23.04.2021

Alvorlege hendingar i helsetenestene

I 2020 kom det 92 meldingar om alvorlege hendingar frå helsetenestene i Vestland fylke.


Publisert 23.03.2021

Pasienten som døydde etter overdosering av cellegift fekk ikkje forsvarleg helsehjelp

Ein pasient ved Kreftavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus døydde som følgje av overdosering med cellegift. Statsforvaltaren har konkludert med at helsehjelpa pasienten fekk ikkje var forsvarleg.


Publisert 23.03.2021

Dei som treng koronavaksine mest får den først

Vi har fått fleire klager frå personar som er ueinig i prioritering av vaksinering mot covid-19. Vaksinasjonsrettleiaren frå Folkehelseinstituttet er tydeleg på kva som gjeld.


Publisert 12.03.2021

Helsepersonell som utfører kosmetisk behandling må også følgje lova

Vi har fått fleire klager og bekymringsmeldingar som gjeld medisinsk kosmetisk verksemd. Helselovgjevinga gjeld også for dette området og praksisen kan vere uforsvarleg. I nokre saker har involvert helsepersonell fått åtvaring frå Helsetilsynet, grunna brot på lov og forskrift. 


Publisert 18.02.2021

Opptrappingsplan har ført til auka merksemd på habiliterings- og rehabiliteringsfeltet

Evalueringa tyder på at det har vore ei viss styrking av rehabiliteringstenestene, men det er lite som tyder på at habiliteringsfeltet har blitt vesentleg styrka.