Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 09.06.2020

Lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet

Ei ny stortingsmelding skal bidra til meir openheit om døden, og gi alle ei verdig avslutting på livet etter eige ønske og behov.


Publisert 04.06.2020

Oppsøkande team er eit godt tilbod til personar med psykiske lidingar

Evalueringa av dei sju første FACT-teama viser ei nær halvering av tvangsbruk, og betre livskvalitet for personane i målgruppa.


Publisert 03.06.2020

Handlingsplan for allmennlegetenesta 2020-2024

Den nye handlingsplanen skal bidra til å styrke, bevare og utvikle ei fastlegeordning som gir pasientane allmennlegetenester av høg kvalitet. Planen inneheld 17 tiltak.


Publisert 29.05.2020

Legevaktslege braut teieplikta

Ein legevaktslege kontrollerte promillen til ein pasient ho mistenkte hadde køyrt i alkoholrus og tilkalla politiet. Dette var eit brot på teieplikta. For å bevare befolkninga si tillit til helsetenestene, er det avgjerande at helsepersonell viser god rolleforståing.


Publisert 15.05.2020

IPLOS/KPR temadagar endra til webinar

Webinaret er erstatning for årets temadagar som var planlagt den 23. og 24. september i Bergen og på Skei. Webinaret vil bli arrangert i overgangen oktober/november.


Publisert 20.04.2020

Nettundervisning for helseverksemder med ein-til-ein pasientkontakt

Nettundervininga handlar om nytt koronavirus og covid-19, og korleis dette bør handterast i helseverksemder med ein-til-ein pasientkontakt. Tidspunkt er måndag 20. april klokka 14.00-15.30, og undervisninga blir tilgjengeleg i etterkant. 


Publisert 17.04.2020

Opplæringspakke for personale utan helsefagleg utdanning

Målgruppa for opplæringa er nye tilsette og vikarar, og tilsette frå andre einingar i kommunen som blir omdisponert grunna situasjonen rundt Covid-19.


Publisert 06.04.2020

Opplæring av personale i kohortavdelingar og smitteisolat

Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland (Sogn og Fjordane) har utarbeidd ein opplæringspakke som kommunane kan nytte i opplæring av personale i kohortavdelingar og smitteisolat.


Publisert 03.04.2020

Webinar om handtering av covid-19 i primærhelsetenesta

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet inviterer til webinar for kommunelegar og allmennlegar om handtering av covid-19 i primærhelsetenesta måndag 6. april.


Publisert 30.03.2020

Rettleiar for gjennomføring av smitteverntiltak overfor pasientar og brukarar

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiar som gjer greie for rettsgrunnlaga for gjennomføring av ulike tiltak overfor personar med og utan samtykkekompetanse i helse- og omsorgstenesta.