Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 22.10.2019

Alle har ei plikt til å hindre vald og overgrep

Dersom du veit, eller trur, at nokon kan bli utsett for vald eller overgrep, kan du ha ei lovpålagt plikt til å forsøke å hindre at det skjer.   


Publisert 18.10.2019

Nytt pakkeforløp skal hjelpe gravide med rusmiddelproblem

Pakkeforløp gravide og rusmiddel skal sikre at fleire gravide som slit med rusmiddelbruk får hjelp.


Publisert 18.10.2019

Helsepersonell med pasientkontakt skal ha tilbod om gratis vaksine

I Norge døyr rundt 900 menneske som følgje av influensa kvart år. Ein del av desse er smitta av helsepersonell.


Publisert 02.10.2019

Her finn du hjelp til å endre helsevanar og livsstil

Helsedirektoratet har utarbeidd ei rekke kvardagsråd, appar og verktøy for endring av helsevanar og livsstil.


Publisert 30.09.2019

Nye nasjonale faglege råd for multidose

Helsedirektoratet har kome med nye nasjonale faglege råd for multidose. 


Publisert 10.09.2019

Helsehjelp til pasientar som blir flytta grunna plassmangel

Pasientane skal få forsvarleg helsehjelp uavhengig av korleis sjukehusa løyser utfordringar med overbelegg.


Publisert 29.08.2019

Pasient fekk ikkje livsviktige medisinar

Ein pasient som fekk gjennomført levertransplantasjon, fekk ikkje forsvarlege helse- og omsorgstenester frå Bømlo kommune i etterkant.


Publisert 06.08.2019

Stadlege tilsyn gir betre opplyste saker

Etter fem alvorlege hendingar i 2018, har Fylkesmannen i Vestland hatt mål om å gjennomføre fleire stadlege tilsyn. Resultatet er betre opplyste saker og raskare konklusjonar.


Publisert 24.07.2019

Bruk av tittel som krev autorisasjon

Arbeidsgjevar har ansvar for å sikre at dei tilsette har autorisasjon, samtidig som helsepersonell sjølv har ansvar for å sikre at dei faktisk har denne. Ei utdanning gir ikkje helsepersonell automatisk rett til å kalle seg til dømes helsefagarbeidar, lege eller tannteknikar.


Publisert 11.07.2019

Klagerett på avgjerder om helse- og omsorgstenester

Dei næraste pårørande har, som regel, ikkje klagerett på vegne av vaksne som manglar samtykkekompetanse. For dei som manglar samtykkekompetanse må det oppnemnast verje, dersom vedkommande sjølv ikkje kan gi gyldig fullmakt.