Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 26.03.2020

Drapet i Nattlandsveien - helsehjelpa var forsvarleg

Fylkesmannen har konkludert med at den drapsdømde mannen fekk forsvarleg helsehjelp i tida før valdshandlinga i mars 2019.


Publisert 20.03.2020

Utsett frist for rapportering av kompetanse- og innovasjonstilskotet

Grunna koronasituasjonen blir rapporteringsfristen flytta ein månad.


Publisert 14.02.2020

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er eit sentralt verkemiddel for styrka leiarskap i kommunale helse- og omsorgstenester. Søknadsfrist er 15. april 2020.


Publisert 07.02.2020

Mannen som er sikta for drapet i Florø fekk forsvarleg behandling

Fylkesmannen har avslutta tilsynet med Helse Førde, Psykiatrisk klinikk og Flora kommune. Vi har kome til at mannen som er sikta for drap fekk forsvarleg behandling frå Flora kommune den dagen drapet skjedde, og at han fekk forsvarleg behandling frå Helse Førde sommaren 2019.


Publisert 31.01.2020

Informasjon til helsepersonell om handtering av pasient med mistenkt coronavirus

Folkehelseinstituttet har saman med Helsedirektoratet og CBRNE-senteret laga eit informasjonsskriv med konkrete råd til både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.


Publisert 24.01.2020

Utbrot av nytt coronavirus i Kina

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet arbeider med å førebu korleis helsetenesta skal kunne handtere situasjonen dersom det nye coronaviruset kjem til Noreg.


Publisert 17.01.2020

Risikoreduserande tiltak blir ikkje følgde konsekvent ved fleire helseføretak

Det landsomfattande tilsynet med helsehjelp til pasientar som blir utlokalisert frå somatiske avdelingar er gjennomført.


Publisert 12.12.2019

Fylkeskommunen tek over forvaltninga av tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod

Forvaltninga av tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod skal overførast frå Fylkesmannen til fylkeskommunen.


Publisert 12.12.2019

Nasjonal fagleg retningsline for tidleg oppdaging av utsette barn og unge

Retningslina skal bidra til å styrke oppdagar- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunane slik at utsette barn og unge blir oppdaga tidleg og får tilpassa hjelp og oppfølging.


Publisert 05.12.2019

Vil auke vaksinasjonsdekninga hos helsepersonell

Helsepersonell er meir utsett for smittsame sjukdomar enn befolkninga generelt. Ein ny rettleiar har mål om å auke vaksinasjonsdekninga.