Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.12.2019

Kurs for helsepersonell som skal følgje opp barn som pårørande

Eit nytt e-læringskurs skal gi tilsette i kommunale helse- og omsorgsteneste betre kompetanse til å følgje opp barn som pårørande.


Publisert 27.11.2019

Drapa i Haugesund og Florø er like alvorlege

Fleire drap  på Vestlandet det siste året er utførte av personar som har vore psykotiske. Tilsynsmyndigheita undersøker og følgjer opp drapa i Haugesund og Florø, på litt ulike måtar.


Publisert 25.11.2019

Tvangsavgrensingslova blir for vanskeleg

Framlegget til ei ny tvangsavgrensingslov er for omfattande, komplisert og fragmentert. Det blir utfordrande for fagfolk å bruke lova, og dermed problematisk med omsyn til rettstryggleiken.


Publisert 22.11.2019

Vellukka fagdag om viktig og vanskeleg tema

Fagfolk må tørre å vurdere moglegheita for omsorgssvikt og overgrep, og det er viktig å følgje opp det enkelte barn og familie. 


Publisert 22.11.2019

Tilrår at samanslåingskommunar rapporterer allereie no

Kommunar som har fått tilskot til psykologar i 2019 kan allereie no rapportere om dette til fylkesmannen.


Publisert 19.11.2019

Startar tilsyn med Helse Førde og kommunehelsetenesta i Flora

Fylkesmannen i Vestland startar tilsyn med kommunehelsetenesta i Flora og Helse Førde. 


Publisert 15.11.2019

Handlingsplan skal gi betre smittevern

Ein handlingsplan med 37 tiltak skal redusere førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar, og betre organiseringa og strukturen av smittevernet i Norge.


Publisert 06.11.2019

Korleis søke om fritak frå teieplikta?

Politi og advokat kan søke elektronisk om fritak frå teieplikt for vitne som skal forklare seg for politi eller domstol. Her finn du informasjon om korleis du søker.


Publisert 05.11.2019

Risikoreduserande tiltak blir ikkje følgde konsekvent ved Helse Fonna

Helse Fonna Haugesund sjukehus er kjend med at fleire av tiltaka for redusere risikoen for svikt i helsehjelpa til pasientar som blir flytta på grunn av mangel på plass, ikkje fungerer som føresett.


Publisert 31.10.2019

Korleis identifisere mindreårige utsett for menneskehandel?

Å identifisere eit barn som mogleg offer for menneskehandel kan vere vanskeleg. Ein ny rettleiingsfunksjon kan hjelpe deg på veg.