Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 12.10.2020

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotet er å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Merk kort søknadsfrist.


Publisert 01.10.2020

Tilskot til ALIS-avtalar for næringsdrivande fastlegar

Målet er å auke talet på fastlegar i kommunane, redusere talet på ledige fastlegeavtalar og auke stabilitet blant allmennlegar i spesialisering. Søknadsfrist er 11. november.


Publisert 01.10.2020

Tilskot til rettleiing i spesialiteten allmennmedisin

Kommunane kan søke Helsedirektoratet om tilskot for rettleiing av allmennlegar (LIS3 i allmennmedisin). Søknadsfristen er 16. november.


Publisert 17.09.2020

Webinar om nasjonal fagleg retningslinje om tidleg oppdaging av utsette barn og unge

Måndag 21. september inviterer Helsedirektoratet til webinar om nasjonal fagleg retningslinje «Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge».


Publisert 15.07.2020

Har du behov for hjelp når du er på hytta?

Du har krav på tenestene du treng i den kommunen du oppheld deg i.


Publisert 07.07.2020

Fleirtalet får hjelpa dei treng til rett tid

Ein ny evalueringsrapport viser at brukarar av kommunale rustenester er gjennomgåande positive til dei tilsette i tenestene, og fleirtalet opplever at dei får den hjelpa dei treng til rett tid.


Publisert 07.07.2020

Erfaringskonsulentar er viktige bidragsyterar

Ein ny rapport frå Høgskulen på Vestlandet viser at erfaringskonsulentar med ruserfaring gradvis har fått eit breiare spekter av oppgåver og roller.


Publisert 30.06.2020

Undersøker dødsfall på Haukeland

Etter at ein mann fekk for mykje cellegift og døydde, opnar Fylkesmannen i Vestland tilsyn med Haukeland universitetssjukehus.


Publisert 26.06.2020

Brukar du signaturen til kollegaer når du administrerer medisinar?

Bruk av andre sin signatur for å dokumentere uttak av legemiddel frå medisinskap eller tillaging og kontroll av legemiddel er uforsvarleg verksemd, og ikkje i tråd med krava i helsepersonellova.


Publisert 11.06.2020

Koordinerande pasient- og brukarombod

Eit nasjonalt koordinerande pasient- og brukarombod skal forsterka samarbeidet mellom dei femten lokale omboda, slik at tilbodet vert betre og likare for pasientar og brukarar.