Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.07.2019

Tilskot til styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta 2019

19 kommunar i Sogn og Fjordane og 24 i Hordaland har søkt om tilskot frå Helsedirektoratet.


Publisert 04.07.2019

Endringar i smittevernlova har tredd i kraft

I den reviderte smittevernlova er det mellom anna nye krav som skal vurderast ved smitteverntiltak, ei presisering av plikta til å gi og ta i mot personleg smittevernrettleiing, og endringar i reglane om tvangsbruk.


Publisert 28.06.2019

Bergen kommune driv med for høg risiko for svikt ved øyeblikkeleg hjelp døgntilbod og legevakt

Fylkesmannen finn at kommunen ikkje har sørgja for at øyeblikkeleg hjelp døgntilbodet og legevakta har eit forsvarleg journalsystem. Vi har og konkludert med at det har vore svikt i styringa av øyeblikkeleg hjelp døgntilbodet.


Publisert 21.06.2019

Hepatitt C skal eliminerast som folkehelseproblem i Noreg

Førekomsten av hepatitt C skal reduserast med 90 prosent innan utgangen av 2023, og ingen i Noreg skal døy eller bli alvorleg sjuke som årsak av hepatitt C-virus.


Publisert 07.06.2019

Undersøker barnedødsfall

Fylkesmannen startar tilsyn etter at vi har fått melding om at eit lite barn frå Askøy kommune døydde på Haukeland Universitetssjukehus.


Publisert 29.05.2019

Oppdatert informasjon om jodtablettar

Helsedirektoratet, Statens legemiddelverk og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har sendt ut oppdatert informasjon til publikum og helsepersonell om jodtablettar ved atomulykker.


Publisert 23.04.2019

Nasjonal handlingsplan for pasientsikkerhet og kvalitetsforbedring

Arbeidet med å betre pasienttryggleik og redusere pasientskadar skal styrkjast.


Publisert 11.04.2019

Feil operasjon var uforsvarleg helsehjelp

Ein pasient fekk ved ein feil operert ut tjukktarmen ved Haukeland universitetssjukehus. Årsakene til hendinga var samansette. Rutinane som skal sikre at rett pasient får rett inngrep, svikta på fleire område. Klinikkleiinga må ta ansvaret saman med dei som opererte. Sjukehuset har sett i verk fleire tiltak som følgje av hendinga.


Publisert 09.04.2019

Nye utdanningsløp for spesialistutdanninga

Det nye spesialistutdanningsløpet for legar i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin trådde i kraft 1. mars 2019 for del 2/3.


Publisert 29.03.2019

Markering av den nasjonale handhygienedagen 5. mai 2019

Handhygiene er eit svært viktig tiltak i kampen mot antibiotikaresistens og helsetenesteassosierte infeksjonar. Markeringa er ein viktig del av det førebyggande arbeidet.