Regionalt miljøprogram (RMP)

Jordbrukslandskap på Byrkjelo
Jordbrukslandskap på Byrkjelo Foto: SFVL.

Dei regionale miljøtilskota er hovudverkemiddelet i regionalt miljøprogram, og informasjon om desse tilskota finn du samla på denne temasida. NB! 2023 – 2026 er ny programperiode. Alle tiltaka frå 2022 er vidareførte, men nokon tiltak er endra. I tillegg er det innført fire nye tiltak; to innan beitebruk og to innan grønsaksproduksjon. Temasida er ferdigstilt for 2023.

Publisert 12.06.2019, Sist endra 27.04.2023

Statsforvaltaren har samla generell søknadsinformasjon og lenke til elektronisk søknadsskjema for regionale miljøtilskot i temaboksane til høgre (visning på pc) eller nedst på sida (visning på mobil). Omtale av tilskotsordningane og nyhende er presentert under. Søknadsportalen opnar 15. september, og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november.

Oversikt over regionale miljøtilskot for Vestland 2023

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 17.07.2020

Lagar matfat for insekt i Lærdal

Bønder i Lærdal sår blomster som skal betre livsgrunnlaget og auke næringstilgangen til insekt. Dette er ei prøveordning for Lærdal der bonden får tilskot gjennom regionalt miljøprogram i Vestland.


Publisert 17.06.2020

Tilsyn av dyr på utmarksbeite

Dyr som er på utmarksbeite skal ha tilsyn minst ein gong pr veke. Tilsynslogg kan nyttast for å sikre dokumentasjon på utført tilsyn med dyra i utmarka gjennom beitesesongen (Dyrevelferdslova).


Publisert 28.05.2020

Ta vare på fuglane i slåtten

Du kan no få tilskot om du tek omsyn til åkerrikse, vipe og storspove i slåtten.


Publisert 01.04.2020

Tilskot til meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel 2020

Gjennom regionale miljøtilskot finst det fleire tilskotsordningar for meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i Vestland. Vilkåra for å kunne motta tilskot gjeld all gjødsling gjennom sesongen. De må difor vurdere kva som kan vere relevant no, før vårgjødslinga startar.


Publisert 28.01.2020

Bønder tek miljøansvar

Regionalt miljøprogram for Vestland har fordelt 58,7 mill. kr til bønder som gjer ein ekstra miljøinnsats innan prioriterte tiltak på sitt gardsbruk.


Publisert 25.06.2019

Nytt regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane

Som ein del av miljøprogrammet kan bønder søkje tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne, og å redusere ureining. Oversikt over dei ulike tilskota i miljøprogrammet finn du her.


Regionale miljøtilskot for å nå FN’s berekraftsmål

Regionale miljøtilskot er viktige virkemiddel i landbruket sitt arbeid med å nå fleire av FN sine berekraftsmål. Aktuelle delmål er til dømes :

  • 2.4 om berekraftig system for matproduksjon
  • 6.3 om å betre vasskvaliteten ved å redusere forureining
  • 13.1 om å redusere klimagassutslepp
  • 13.3 om å tilpasse seg klimaendringane
  • 15.1 om berekraftig bruk av land- og ferskvassbaserte økosystem,
  • 15.3 og 15.4 om matjord, jordhelse, forringa landareal og økosystem i fjellet
  • 15.5 om truga natur

Regjeringen: Berekraftsmåla

Viser icon av berekraftsmåla 2, 6, 13 og 15