Barnefattigdom - utlysing av midler
Tilskot for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom er ein del av regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom. Tilskotsordninga skal bidra til å auke kunnskapen om sosiale tenester og korleis regelverket i lov om sosiale tenester i Arbeids- og velferdsforvaltninga kan nyttast og bidra til å førebyggje og redusere fattigdom blant barn og unge.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Formålet med ordninga er å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar gjennom å utvikle tiltak og verkemiddel etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjort ei endring i utlysningsteksten på barnefattigdomsmidlar. Endringa inneber at også tiltaksom omfattar ferie- og aktivitetstilbod skal prioriterast ved tildeling av tilskott for 2013. Endringa er markert med utheva skrift.
Prioriterte tiltak i 2013:
- tiltak som bidreg til å sikre barneperspektivet på NAV-kontoret
- utvikling av heilskaplege oppfylgingsprogram for låginntektsfamiliar
- ferie- og aktivitetstilbod i skuleferien til barn og familiane deira som ein integrert del av den heilskaplege oppfølginga
- tiltak som bidreg til overgang til opplæring, arbeid og aktivitet for ungdom opp til 25 år som ikkje er under utdanning eller i arbeid
- å utvikle og forankre ein kommunal handlingsplan for å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar
- integrerte tiltak og tenester overfor familien i sin heilskap i form av motivasjon, råd, rettleiing og aktivitetar
Alle kommunar i landet kan søkje om tilskot.
Søknadsfrist er 1. februar 2013