Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.
Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.
Aldersvenlege samfunn
Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.
Statsforvaltaren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. Statsforvaltaren skal mellom anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Leve heile livet handlar om ei rekkje tiltak, nokre er store og omfattande, andre er mindre grep som likevel kan gjere stor skilnad. Besøk gjerne nettsidene til fleire av statsforvaltarane, for å sjå kva som skjer.
Leve heile livet som embetsprosjekt hos Statsforvaltaren 2020-2022
Prosjektet skal bidra til at kommunane møter endringane i befolkningssamansetninga på ein måte som gjer at vi kan leve gode liv så lenge som mogleg.
Statsforvaltaren vil bidra til
- at kommunane utformar gode, tilpassa tiltak og løysingar for arbeidet i eigne planar
- tett og godt samarbeid mellom sektorar i kommunane og hos Statsforvaltaren
- aktive og medverkande eldre i kommunane, og gode, tilrettelagte tilbod
- godt og systematisk arbeid med kompetanseheving, kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik i kommunane
- god dialog og likeverdig samarbeid mellom regionalt støtteapparat i fylket
Det vert tilbod om støtte og rådgjeving til utvikling, iverksetting og evaluering av lokalt planarbeid og tilrettelegging av nettverk og møteplassar med kommunane, fylkeskommunen og spesialisthelsetenesta.
Prosjektgruppa hos Statsforvaltaren består Anne Eli Wangen (helse, oppgåveansvarleg), Janne Weltzien Listhaug (helse), Ragna Flotve (landbruk), Beate Helland (helse) og Siri Erdal (kommune og samfunn).
I tillegg til det regionale støtteapparatet, har vi også ei koordineringsgruppe der fylkeseldrerådet i Vestland, Senter for omsorgsforsking og Vestland fylkeskommune også er med.
Eit viktig grep i Leve heile livet-reforma er at kommunane deltek i nettverk for erfaringsdeling og læring. Vi har samla aktuelle nettverk for kommunane under.
Her kan du lese informasjonsbrev med nyhende frå Leve heile livet-arbeidet i Vestland: